Slik konkluderer Fylkesmannen etter eit tilsyn med helse- og omsorgstenestene til barn i avlasting i Sande kommune. Dette var eitt av fire brot på helse- og omsorgstenestelova som blei avdekka under Fylkesmannen sitt tilsynsbesøk i kommunen tidlegare i år.

Tilsynet omfatta både barn som oppheld seg i kommunale avlastingsbustader og barn som oppheld seg hos private avlastarar.

I rapporten etter tilsynet slår fylkesmannen fast at Sande kommune:

Ikkje sikrar at alle tilsette får opplæring i førstehjelp.

Ikkje sikrar at legemiddelhandtering i verksemda er i tråd med gjeldande regelverk.

Ikkje sikrar at det blir innhenta politiattest kvar gong nye tenesteytarar tek til å arbeide i avlastinga.

Dermed avdekka tilsynet til saman fire brot på helse- og omsorgstenestelova.

Få som får tilbod

Rapporten slår fast at det er få familiar med barn som får avlasting i Sande kommune. Tilbod om avlasting blir gitt i to kommunale avlastingsbustader og i private heimar. For å ivareta personvernet skil Fylkesmannen i rapporten ikkje mellom observasjonane som blei gjort i dei ulike avlastingsformene.

Lite kunnskap

Av dokumentasjon og i intervju kom det fram at kommunen har lite kunnskap om fleire av barna sine diagnosar, funksjonsnivå og hjelpebehov.

Kommunen har ikkje vurdert om opphald hos avlastarane samsvarar med barna sine behov. Sjølv om tenestevedtak ikkje alltid er fornya etter at ei vedtaksperiode har gått ut, har avlastinga likevel halde fram i same omfang som tidlegare.

Dette er nokre av mangelane Fylkesmannen påpeikar når det gjeld behovsvurdering, vedtak og planlegging av avlastingstilbod til barn i Sande.

Svikt over tid

Fylkesmannen konkluderer med at det over tid har vore svikt i avlastingstenesta for barn i Sande. Kommunen har gjort ulike organisatoriske grep for å gjere tenesta betre, men etter Fylkesmannen si vurdering har kommunen ikkje lukkast fullt ut med det. Dermed er det framleis svikt i tenesta.

Manglande rutinar for kartlegging og konkretisering av barna sine behov, samt manglande sikring av tenestene som blir ytt, gjer at tenesteytinga blir for tilfeldig, heiter det i rapporten.

Helsemessige følgjer

Fylkesmannen slår fast at kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad har sikra legemiddelhandteringa til barn som er i avlasting. Det er heller ikkje gitt tilstrekkeleg opplæring i førstehjelp. Dette gjer at faren for helsemessige følgjer for barna er for stor.

Legemiddelforskrifta er ikkje kjend for alle tilsette, og dei som kjenner til forskrifta er lite kjende med innhaldet i den. Leiinga har sendt ut epost til alle tilsette ved dei kommunale avlastingsbustadane om å lese gjennom forskrifta om legemiddelhandtering, men ikkje alle tilsette har tilgang til den kommunale eposten sin.

Om legemiddelhandteringa heiter det elles at kommunen ikkje har undersøkt om alle barna brukar legemiddel. Tilsynet viser at det er barn som brukar legemiddel utan at det går fram av dokumentasjonen.

Manglande tiltak

I intervju kom det fram at det er fleire avvik i tenestene som ikkje blir melde, og ikkje alle tilsette har nødvendig kompetanse til å melde avvik i sysstemet som blir nytta. Kommunen har heller ikkje gjort nok for å rette tilhøva som låg til grunn for lovbrot som vart avdekka i 2018.