Det seier advokat Thore Heggen som styrer buet etter Sunnmøre Moltu eiendom på Moltustranda. Ifylgje Nett.no er anlegget klart til å seljast etter at konkursen no er rettskraftig. Bustyraren ser litt annleis på det.

– Vi kan ikkje gjere nokon store grep så lenge vi ikkje veit om det kjem ein anke, seier Heggen.

Kan ombestemme seg

Heggen legg til at det hadde vore ei anna sak om Edgar Sandanger hadde sendt ei skrifleg erklæring til skifteretten der han fråskriv seg ankeretten. Men med det han kjenner til er så ikkje gjort.

– Dette er ei sak som har vore anka før, og det går an å ombestemme seg heilt til siste dag, seier Heggen.

Bustyaren stadfestar at han på vegner av Innovasjon Norge har gitt Sandanger ein frist til 31. august med å fjerne sitt utstyr slik at bygningar og kaier kan vere salsklart etter den tid.

Bustyret har oppretta kontakt med ein del interessentar som har sagt at dei aktar å by på anlegget. Bodet på 2,2 mill. kroner, som blei framsett i samband med tvangssal tidlegare i år, sa Innovasjon Norge nei til.