Gjennom prosjektet «Jenteløftet i fotball i Møre og Romsdal 2018-2020» har Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal Idrettskrets gjennomført ei undersøking blant 1600 elevar frå vidaregåande og ungdomskolar i fylket. 61 prosent er jenter og 39 prosent er gutar av dei som har svart. 92 prosent er elevar i vidaregåande skole.

Fotball er den største organiserte aktiviteten

Undersøkinga viser at 98 prosent av alle ungdomane i Møre og Romsdal har drive med ei eller anna form for fritidsaktivitet, enten organisert eller uorganisert..

Undersøkinga visar at 47 prosent av ungdomane driv organisert fritidsaktivitet. Fotball er den desidert største organiserte fritidsaktivteten i fylket, med heile 46 prosent deltaking. Undersøkinga viser at fleire gutar enn jenter driv med organisert fotball, 64 prosent av gutane og 32 prosent av jentene. Den nest største aktiviteten er musikk, så kjem handball og dans.

Ungdommane likar å vere sosiale og aktive

Årsakene ungdomane gir for å delta på organisert aktivitet, er at dei likar å vere aktive, det er sosialt å vere med og at trening er moro. Dette gjeld for både jenter og gutar. Den største forskjellen mellom jenter og gutar er at jentene vektlegg meir det sosiale med å vere med og det å vere en del av eit lag. Gutane er meir opptatt av å bli best, samanlikna med jentene.

Treningssenter er den mest populære uorganiserte aktiviteten

67 prosent av gruppa driv uorganisert fritidsaktivitet på fritida. En del av dei som driv organisert aktivitet driv også med uorganisert aktivitet. Det å trene på treningssenter er den mest populære uorganiserte fritidsaktiviteten. Heile 70 prosent gjer dette. Det er fleire gutar enn jenter, 72 prosent gutane og 67 prosent av jentene. Gutane speler ball med vennar i større grad enn jentene med 36 prosent mot jentene sine 13 prosent. E-sport er det svært få jenter som driv med, berre 2 prosent, samanlikna med gutane på 25 prosent. Jentene driv meir med friluftsliv og toppturar på sommaren.

Kvifor sluttar ungdommane i organisert aktivitet?

Spørsmålet er viktig å stille for å kunne sette inn tiltak for å få fleire til å fortsette i aktiviteten. Jentene sine hovudgrunnar er: hadde ikkje tid, eg følte at eg ikkje var flink nok og kjedeleg. Gutane sine hovudgrunnar er: kjedeleg, hadde ikkje tid og det blei for seriøst. Det er eit visst samsvar på jenter og gutar, men vi ser også nokre forskjellar. Grunnar som jentene la meir vekt på enn gutane var: at aktiviteten gikk utover skolearbeidet, at trenar eller leiar var ikkje flink nok til å involvere alle og at trenarane eller leiarane prioriterte dei beste. Samla sett ser vi at flinke leiarar og trenarar er viktige for begge kjønn, men mest viktig for jentene.

– Uavhengig av aktivitet så er det viktig for ungdommane å bli sett, å føle seg verdsett og å få følelsen av meistring, seier seksjonsleiar folkehelse og fysisk aktivitet, Rigmor Hustad Holen, i Møre og Romsdal fylkeskommune. – Vi bør også følge opp at 13 prosent av jentene seier at upassande oppførsel frå nokon på laget, trenarar eller leiarar er ein av grunnane til at dei slutta med organisert aktivitet, seier Hustad Holen.

17 prosent av gutane og 24 prosent av jentene som har slutta med organisert aktivitet seier at skader er årsaka til at dei har slutta. Det å bli skadefri er ein faktor som kan få ungdom til å bli med på organisert aktivitet igjen. Her må innsatsen leggast på førebygging og det å trene seg opp etter skader.

Meir fysisk aktiv med organisert idrett

– Undersøkinga visar at dei som er med på organisert aktivitet i snitt er meir fysisk aktive enn dei som driv med uorganisert aktivitet, seier plan- og utviklingsleder Siri Ask Fred- riksen, Møre og Romsdal idrettskrets. - Dette er eit argument for å legge til rette for meir organisert trening. Samstundes er ønsket til dei som har slutta med fotball, på kva som skal til for at dei skal byrje på igjen, ganske tydeleg. Dei ønsker eit tilbod der det viktigaste er å ha det moro og at alle får delta, at vennane blir med, og at deltaking kan leggast til rette i forhold til skolearbeid. Dette må vi og klubbane i fylket ha med oss i utvikling av tilbodet vi har til ungdomane, understrekar Ask Fredriksen.

– Det er ikkje store forskjellar mellom fotball og annan organisert aktivitet, men vi ser at det er kjønnsforskjellar innanfor enkelte område.. Denne kunnskapen kan vi bruke til å få flest mogleg jenter til å fortsette i den organiserte fotballen og i annan fritidsaktivitet, seier Ask Fredriksen.