Kommuneadministrasjonen vil ta ei ny vurdering av saka om kommunalt grunnkjøp for næringsutvikling i Myrvåg. Det er klart etter møtet som grunneigar Arnstein Andersen nyleg hadde med administrasjonen.

Vi vil vurdere saka på nytt hausten 2019 og eventuelt legge saka fram for politisk handsaming, skriv ass. rådmann Andreas Christian Nørve i ei oppsummering av møtet.

Nørve viser til at dei aktuelle areala i Myrvåg blei vurderte for kjøp i 2016 som det eine av to aktuelle område for strategisk grunnkjøp. Denne vurderinga enda med eit formannskapsvedtak om å satse på området rundt Marine Harvest på Eggesbønes, eit område som no er under utvikling.