I desse dagar blir rådhustrappa og inngangspartiet pussa opp. No reagerer Bjarne Kvalsvik (Folkelista) på ein ting.

– Eg meiner det er dårleg at det ikkje er mogleg for rørslehemma å komme seg inn på rådhuset, sa Kvalsvik.

– Eg håper det er forståing for at det er nødvendig arbeid. Vi skal nok finne ei løysing for alle, svara ordføraren.