Dette melder Kleven verft i ei pressemelding fredag. Bollestad blei henta inn av Nakken som produksjonsdirektør på Kleven i desember i fjor. Frå og med måndag 15. juli 2019 vil Kjetil Bollestad fungere som administrerande direktør på Kleven Verft.

- Kjetil har vore sentral i ferdigstillinga av MS Roald Amundsen, og har veldig god innsikt i organisasjonen. Han har med det eit godt grunnlag for å gå inn som leiar for verftet, seier Olav Nakken.

Olav Nakken vil gå inn i ei ny rolle i Kleven Verft sitt nyskipa dotterselskap «Nye Kleven». Bollestad vil leie det nye selskapet, medan Nakken vil jobbe gjennom styret med forretningsutvikling for Nye Kleven, eit grep som er gjort for å frigjere ressursar til å jobbe meir ut mot marknaden i oppstartsfasen til nye Kleven.

– Eg er takknemleg og motivert av tilliten som blir vist meg. Å skulle vere administrerande direktør for Kleven Verft blir ei interessant og utfordrande oppgåve som eg ser fram til å ta fatt på, seier Bollestad.

Frå Sandnes

Kjetil Bollestad er 51 år og kjem frå Sandnes, men er no busett i Son sør for Oslo. Han har ein variert yrkesbakgrunn, som starta med flyteknisk utdanning frå forsvaret. Han jobba mange år i SAS teknisk avdeling, dei siste åra som produksjonsleiar for avdeling «Heavy Maintenance» på Gardermoen.

I 2007 – 2010 var han administrerande direktør på skipsverftet i Florø før han arbeidde i Master Marine AS som ferdigstilte ein Jack-up rigg i Arendal. Han vart tilsett som COO med ansvar for drift og vedlikehald av riggen når den starta operasjon på Ekofisk-feltet sommaren 2011. Dei siste åra har han jobba som salsdirektør for Agility Subsea Fabrication og som kommersiell sjef for Institutt for Energiteknikk.

- Rom for å rette blikket framover

– Den siste tida har vi brukt all tid og alle ressursar på å ferdigstille Roald Amundsen. Sjølv om hovudfokuset no blir å ferdigstille søsterskipet MS Fridtjof Nansen på ein effektiv og god måte, vil læringa frå fyrste skipet bidra til at utfordringane blir langt mindre denne gang. Det gir rom for å kunne rette blikket framover saman med det kompetente teamet på Kleven, seier Bollestad.