Ettersom styret i Herøy næringsforum har bestemt seg for å ikkje forlenge leigeavtalen for lokala på Holmsild Brygge, er framtida til Fosnavåg nyskapingspark plutseleg blitt meir usikker. Den noverande leigeavtalen går ut ved nyttår, og skal tilbodet halde fram krev det at kommunen eller ein annan aktør tek over leigekostnadane. Som eit alternativ til å forlenge leigeavtalen, tilbyr eigaren (Moen eigedom) kommunen å kjøpe lokala.

Tilbodet med ein kommunal næringspark («gründerpark») blei opna i oktober 2016, og har vore opent og tilgjengeleg for alle som vil nytte seg av tilbodet, anten det er til studie eller jobb.

– Vi har i denne tida fått positive tilbakemeldingar på tiltaket. Dette var særleg positivt i ei periode der yrkesaktive i kommunen hadde blitt permittert eller oppsagt på grunn av situasjonen i offshorerelaterte verksemder, skriv rådmannen i sine saksopplysningar.

Han viser også til at det i nyskapingsparken mellom anna har blitt arrangert «FNP-kveld», der kommunen inviterte inn ei bedrift ein kveld for å fortelje om seg sjølv og sine prosjekt. Lokala har også blitt nytta av ulike NAV-prosjekt, samt av kulturavdelinga, som mellom anna viste barnefilmar på lerret i desember 2018.

I den noverande avtalen mellom Herøy kommune og Herøy næringsforum er det bestemt at Herøy kommune skal dekkje driftskostnadar, medan Herøy næringsforum dekkjer leigesummen. Slik rådmannen ser det er det ikkje tilrådeleg å ta over leigekostnadane, då dette vil ha store konsekvensar for driftsbudsjettet til kommunen.

Rådmannen meiner at lokala heilt klart har mange positive sider, men at det også er nokre ulemper, som til dømes utfordringar med avfall og dårleg ventilasjon. Difor meiner han at det heller ikkje vil vere ei god investering å kjøpe lokala.

– Dette vil eg ikkje vere med på

Då formannskapet handsama saka førre veke var Tine Storøy (H) rask til å ta ordet. Ho hadde ikkje lyst til å vere einig med rådmannen, og meinte det måtte vere mogleg å få eit betre tilbod.

– Eg har lest at brukarane er veldig positive til tilbodet, og då vil ikkje eg vere med på at vi ikkje skal gi dei eit tilbod. Eg vil at vi skal satse på gründerskaping og nye arbeidsplassar i kommunen, sa Storøy.

Ho fekk støtte frå Svein Gjelseth (Ap).

– Dette har vore eit positivt tiltak for mange i kommunen. Eg meiner det er rart at næringsforumet berre avsluttar dette slik, sa Gjelseth, og la til at han ynskjer at moglegheita for eit spleiselag blir undersøkt.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad kommenterte seinare at det mest sannsynleg er næringsforumet sitt ynskje om å finansiere to fulltidsstillingar som er grunnen til at dei ikkje lenger ser seg råd til å finansiere leigekostnadane.

– Det er også slik at det er reiselivet og satsinga der som næringsforumet er mest opptekne av no, la Kopperstad til.

Kva med dei statlege organa?

Per Kristian Furø (Ap) lanserte tanken om at kanskje dei statlege organa kunne vere med å bidra.

– Eg meiner vi skal få med dei statlege organa, som Hoppid og Innovasjon Norge. Eg er heilt sikker på at dei kan bidra med økonomisk støtte, slik at Herøy kommune slepp å sitte att med heile kostnaden, hevda Furø.

Han var elles klar på at det ville vere veldig synd om ein må legge ned nyskapingsparken. Noko Solveig Båtsvik (Frp) også gav klart uttrykk for.

– Det er eit veldig bra konsept, og konseptet må vi ikkje finne på å legge ned. Men om vi skal halde fram å leige der, det er eit anna spørsmål, meinte Båtsvik.

Stig Arne Sævik (H) meinte at det viktigaste var å sikre at tilbodet kan halde fram, då det vil bli auka kostnader uansett.

– Lokala vi har no er tilrettelagt, men det vil koste. Skal vi få tak i nye lokale kan det ende opp med kostnadar det også. Men vi ser at nyskapingsparken ber frukter, og då må vi finne ei løysing, sa Sævik.

Skal sjekke ut moglegheitene

Mot slutten av diskusjonen lanserte Tine Storøy eit forslag til vedtak, som ho også fekk full støtte i formannskapet for. I vedtaket heiter det:

«Herøy formannskap er opptatt av å legge til rette for gründerskap og nyskaping som kan føre til nye arbeidsplassar i Herøy kommune. Formannskapet ber om at administrasjonen innan leigeavtalen går ut, sjekkar ut leigeforholdet og eventuelt andre leigeforhold i samarbeid med Herøy Næringsforum.»