Førre veke presenterte Kommunal Rapport den endelege utgåva av Kommunebarometeret 2019. Dette er ei årleg rangering av alle kommunane i Norge, gjort av Kommunal Rapport på basis av offentleg tilgjengelege data frå offisielle kjelder. Litt forenkla kan vi seie at Kommunebarometeret måler Norges beste kommune.

Beste sidan 2010 for Herøy

Herøy kommune oppnår si beste plassering sidan Kommunebarometeret var lansert for første gang i 2010. I år er Herøy rangert som nummer 70 av 422 kommunar i barometeret.

Sidan målinga i 2018 har Herøy gått opp 63 plassar. I 2017 var Herøy nummer 219.

Ordførar Arnulf Goksøyr seier seg svært nøgd med den positive utviklinga.

– Systematisk og heilskapleg arbeid med kvalitetsforbetringar gir gledelege måltal. Gode haldningar blant dei tilsette i Herøy kommune gir grunn til håp om vidare forbetring samt ytterlegare styrking av omdømet til kommunen som ein god organisasjon å arbeide i, seier Goksøyr i ei pressemelding.

Resultatet betyr at Herøy kommune er nummer to blant kommunane på Søre, berre slått av Vanylven. Dei er så høgt oppe som ein 28.-plass. Like bak Herøy er Ulstein (72.-plass), Volda (73.-plass) og Ørsta (77.-plass).

Sande klivrar mykje

Også Sande kommune scorar høgt, samanlikna med Kommunebarometeret i 2018. Den gongen var Sande rangert som nummer 306. Ved årets måling har Sande gått opp heile 125 plassar, og er no nummer 181.

Sande gjer det spesielt godt når det kjem til sektorane helse og sosial. I sosialsektoren er Sande rangert som nummer 14 i landet. Innanfor sektorane barnevern (349.-plass) og økonomi (408.-plass) er stoda derimot ikkje like god.

Ordførar Dag Vaagen er fornøgd med utviklinga, sjølv om det sjølvsagt alltid er rom for ytterlegare forbetring.

– Det er sjølvsagt positivt å sjå at vi gjer det betre, og målet er naturlegvis at den utviklinga skal halde fram, seier Vaagen.

Rådmann Trond Arne Aglen er også godt fornøgd.

– Dette er svært gledeleg å registrere. Med det eg veit har vi aldri vore så høgt, så dette er ei positiv utvikling, seier han.

Aglen har ikkje fått sett seg ordentleg inn i dei ulike sektorane endå, men konstaterer at helse og sosial gjer det bra.

– Helse og sosial har jobba målretta over tid, og difor er det gledeleg å sjå at det viser att i målingane, meiner Aglen.

Han kan elles opplyse at kommunen etter ferien vil sende ut ei innbyggarundersøking.

Dette er kommunebarometeret

I 2019-barometeret er det inkludert 151 ulike nøkkeltal innan 12 ulike kategoriar. Kommunal Rapport tek ansvar for vekting, vurderingar og eventuelle feil i framstillingane, men det er føresett at kommunane har rapportert korrekt.

Føremålet med Kommunebarometeret er å gi eit lettfatteleg bilete av korleis kommunen presterer målt mot resten av Kommune-Norge, for å bidra til ein meir opplyst lokaldemokratisk diskusjon. Kommunebarometeret er ingen vurdering av om innbyggjarane får gode nok tenester, men kan gi indikasjonar om kommunen har noko å læra av andre – basert på kor nær kommunen sine målbare resultat er kommunane med best resultat. Barometeret er heller ikkje ein konkurranse i å drive billegast, utan omsyn til tenestene, heiter det i ei pressemelding frå Herøy kommune.