NG Spar Møre har blitt tildelt to prikkar for butikken Spar Fosnavåg. Bakgrunnen er manglande innrapportering av omsett alkoholsal innan fristen 1. mars. Dette betyr at Spar Fosnavåg no har seks prikkar, men inndraging av løyve er berre aktuelt om løyvehavar får tildelt 12 prikkar i løpet av to år.

I saka blir det lagt vekt på at fristen 1. mars har vore praksis i fleire år, og at brev om dette vart sendt ut i god tid før innrapportering skal skje.

Spar valde å klage på tildelinga, men eit samrøystes formannskap ser ingen grunn til å ta klagen til følge.

Vedtaket blir no vidaresendt til fylkesmannen.