Det var ikkje mannen sitt fyrste kjennskap med rettssystemet då han nyleg blei framstilt for Sunnmøre tingrett. Mellom anna fekk han sin 16. dom for køyring utan førarkort.

Rusproblem

I 2017 blei han dømd til fengselsstraff på eitt år og åtte månader. Denne domen blei gjort betinga på vilkår av at mannen, som vedgår å ha eit rusproblem, gjennomførte narkotikaprogram med domstolskontroll.

Oppstart av programmet tok derimot si tid, og i ventetida gjorde mannen ei rekkje nye straffbare handlingar som han blei dømd for våren 2018. Sunnmøre tingrett gav i den samanhengen mannen ein siste sjanse til å gjennomføre narkotikaprogrammet. Denne sjansen tok han ikkje vare på, og tidlegare i år blei den betinga delen av domen gjort ubetinga av Romsdal tingrett.

Retten finn at mannen på noverande tidspunkt ikkje er eigna til å idømmast eller gjen- nomføre narkotikaprogram med domstolskontroll.

16. domen for ulovleg køyring

Samtlege lovbrot han no stod tiltala for i Sunnmøre tingrett var utførte i forkant av domen som Romsdal tingrett avsa i mars i år.

Tiltalen frå politimeisteren i Møre og Romsdal varierte denne gongen frå vinningskriminalitet og tjuveri, til narkotikabruk og ulovleg køyring med bil. Domen han fekk for bilkøyring utan gyldig førarkort var nummer seksten i rekkja av tilsvarande lovbrot.

Samtlege av handlingane han denne gongen stod tiltala for var gjort under ruspåverknad. Mannen møtte ikkje fysisk i retten, men forklarte seg på videolink frå behandlingssenteret han for tida oppheld seg på.

Frifunnen på to punkt

Med unntak av eitt forhold sa tiltalte seg skuldig i samtlege av punkta i tiltalen. På dette punktet blei han frikjend av retten sitt fleirtal.

På eit anna punkt kom retten samla til at han måtte frifinnast, medan han blei dømd for eit anna lovbrot av same art som var utført ein annan stad på Sunnmøre. Retten såg nemleg ein vesentleg skilnad på tapsfaren i desse to sakene som i tiltalen var vurdert å vere identiske.

Lovbrota han blei dømde for tilsa i utgangspunktet samla straff på fengsel i nitti dagar, men tilståinga resulterte i ein viss rabatt.