Dette går fram i Dagens Næringsliv onsdag ettermiddag. Avisa skriv at Remøy sitt konsern SRR Invest i praksis femdobla resultatet i fjor, frå 100 millionar kroner, til eIn halv milliard kroner i resultat før avskrivingar. Offshoreflåten vert ikkje lenger inkludert i tala, noko som slår ut for samanlikningstala. Resultat før skatt blei 196 millionar, ei dobling frå dei opphavleg rapporterte tala året før, 106 millionar i 2017. Konsernet hadde ved årsskiftet nær ein milliard kroner i eigenkapital og skip verd rundt tre milliardar kroner.

– Vi har omstilt oss, har god vind i segla og tener pengar i heile konsernet. Det er godt å ha trygg grunn under beina igjen, seier Remøy i ein kommentar til avisa.

Reiser seg etter oljesmellen med fornybar energi

Då oljesmellen kom i 2014 vart deler av Remøy sitt offshoreselskap slått konkurs og halvparten av dei tilsett vart sagt opp. Remøy omtalar det sjølv som ei tøff omstilling, der verdiar for tre milliardar kroner forsvann over natta. For å berge drifta satsa Remøy i 2017 meir av aktiviteten over til fornybar energi. Offshorebåtane som før leverte service til oljeselskapa, skulle jobbe for vindkraft og anna miljøvennleg kraftindustri til havs.

– Vi har gjennomført ein snuoperasjon der vi dreier oss meir på vind offshore. Vi satsar på fornybar. Nå er vi på rett kurs, seier Remøy, til DN.

Offshorereiarlaget stod i fjor for rundt ein halv milliard kroner av inntektene i konsernet. I fyrste kvartal i år kjem meir enn halvparten av inntektene ifrå grøne næringar.