– Det er med stor glede vi tok i mot meldinga om at banken vil gi eit ekstra stort bidrag for å vere med å støtte vårt arbeid med å få til dette på Slippen.

Det seier leiaren i Herøy kystlag, Robert Voldnes, då han tek i mot lokalavisa til «Slippen» i Nørvågen saman med representantar for Sparebanken Møre. På bordet står ei lita kake for å feire det heller sjenerøse bidraget frå lokalbanken. I dag overrekker nemleg Sparebanken Møre heile 300.000 kroner til prosjektet Herøy kystlag har sett i gang for å gjere bygget vi står i til eit levande kystkultursenter.

– Dette er eit betydeleg bidrag som for alvor gjer oss i stand til å gjere grep for å sette i verk det som har vore vår visjon sidan starten, at «Slippen» skal bli eit kystkultursenter eller museum i ei eller anna form. Det har aldri vore planen at dette for all framtid skal vere ei base for berre Herøy Kystlag sine medlemmar og eit magasin av gjenstandar. Til det er anlegget og samlingane for verdifulle. Medlemmane har difor arbeidd jamt og trutt med dette for auge, forklarar Voldnes.

Dei har dei siste åra hatt fleire besøk av ulike aktørar innan kulturliv, næringsliv, kommune, samt fylkeskulturleiar og leiinga ved Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM). Alle stadfestar at her er det potensial både med tanke på samlingane, plasseringa og historikken i området, forsikrar Voldnes.

– Må ha med oss historia

Denne konklusjonen delar også lokalbanksjef Per Ronald Knutsen og banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre, Kjell Jan Brudevoll. Det er akkurat derfor dei no legg pengane på bordet.

– Eg tenker dette er historie vi må ta vare på. Dagens generasjonar som har vakse opp med touch-skjermar treng å sjå kvar dei teknologiske nyvinningane starta. Eg meiner i så måte at Slippen sin visjon om å fokusere på historia frå dei siste 100 åra er vel so interessant. Nyare historie her i området er svært innhaldsrik, ei historie vi vil vere med på fortelje med vårt bidrag, forklarar Knutsen.

– Vi må ha med oss historia og lære å sette pris på pionerane som har gått føre oss, legg Brudevoll til, som skryt av innsatsen som kystlaget har lagt ned så langt.

Robert Voldnes nikkar bekreftande til det dei to seier.

– Vi manglar ein arena, eller museum om ein vil, dedikert til historia frå 1950-talet og fram til i dag, trass i at dette er ei tid som har sett ei rivande utvikling og har vore vital for kommunen.

Bra for turisme

Dei to banksjefane ser elles begge eit potensial i prosjektet til å trekke til seg tilreisande.

– Det er heller ikkje noko å legge skjul på at vi ser eit kommersielt aspekt i ei slik satsing også. Dette kan skape verdiar og eit godt grunnlag for reiselivssatsing i regionen. Spesielt om ein også spelar på lag med andre aktørar i kommunen, seier Brudevoll.

– Er vi rett flinke vil vi her kunne skape noko unikt, og då gjerne i kombinasjon med andre lokasjonar i regionen, som til dømes Ulstein Verft sitt XPO-senter og Ishavsmuseet på Brandal. Kanskje er det og mogleg å inkludere andre opplevingar, seier Voldnes.

Dette er den vidare planen

Voldnes og gjengen i Herøy kystlag håpar at denne gåva frå banken kan vere med å inspirere endå fleire til å etter kvart hive seg med på satsinga, for planane er klar. I fyrste omgang er det eit mål for auge. Bygget må bli godkjent til det tenkte føremålet som eit kystsenter om det skal drivast innbringande aktivitet. Då må ein fyrst ha på plass ein brannteknisk konsulentrapport og deretter tiltak. Dette gjeld særleg tilkomst og rømmingsvegar.

Det neste store prosjektet etter tilkomst og rømming vert då kaia. Her vil kystlaget, i lag med fagfolk, få sikra og forsterka kaia med pælar og støyp slik at ein kan forankre bryggene godt.

– Brygger er viktige slik at vi kan ha litt større båtar ved bryggene enn tilfellet er i dag. Særleg med tanke på besøk frå sjøsida vil dette vere viktig, seier Voldnes.

Etter dette kan ein for alvor starte å sjå på kva ein kan gjere med anlegget og etter kvart også engasjere arkitektar.

– Ved vegs ende håpar vi at ein på «Slippen», og eventuelt området rundt, vil kunne sjå og høyre om utviklinga på sjø og land i regionen frå åra kring 1900 og heilt opp til dagens moderne samfunn, få sjå bilde og film, kanskje få oppleve ein semidiesel i sving eller smake på boknasild eller andre tradisjonsrettar. Vonleg kunne der og vere plass på Slippen til aktørar innan lokal kunst og handverk. Ambisjonane er mange og denne gåva er eit startskot, avsluttar Voldnes.