– Her er vår nye HR- og organisasjonssjef, Ida Bigset Storaker, helsar Inge-Jonny Hide når lokalavisa kjem innom verftet på Vågsneset for ein nærare prat.

Eit stykke ut i intervjuet kjem det varsel til Hide og Storaker om at to nye lærlingar akkurat har fullført og bestått fagprøva.

Sikre lønsemd og heilskapleg organisasjon

– For Myklebust Verft har det parallelt med å jobbe på og sikre lønsemd i drifta, også vore avgjerande at vår nye organisasjon sidan fjorårets splitting av konsernet, kjem på plass. Vi er no i ferd med å få det meste på plass, seier Hide og syner Myklebust Verft sitt organisasjonskart på storskjermen.

– Noko er rekruttert eksternt, noko har vi henta frå eigne rekkjer, forklarar han.

Verftet har i dag vel 130 fast tilsette, eit nivå ein reknar som sunt, etter ei viss slanking i mengde på tilsette for eit par år tilbake. Likevel er det til ei kvar tid rundt 300 arbeidarar i sving på verftet. Dagleg er 20–30 underleverandørar innanfor verftet sine portar, med sine gjeremål knytt til verftet sine prosjekt.

– Vi ser på aktiviteten at vi er der vi ynskjer å vere arbeidsmessig. I snitt har det vore dokking ein gong i veka gjennom heile 2019, noko som syner at flytedokka er eit viktig verktøy i ettermarknaden, fortel Hide.

Rosar stå-på-viljen

Myklebust Verft har ingen førebelse planar om å kome tilbake til den skyhøge aktiviteten som var på verftet for nokre år tilbake, med eit titals nybygg på eit par år. Som kjent var det heller ikkje forventa inntening på serien med nybygg.

– Det er godt kjend at vi måtte gjennom ei vesentleg omstilling, men takka vere solid innsats og stå-på-vilje i alle ledd er vi no der vi skal vere, seier verftsleiaren.

Når det gjeld rekruttering, er det heller ikkje slik at verftet vert aldeles strøymt over av søknadar når dei har annonsert etter folk. Men:

– Vi hadde mange gode søkjarar til dei fleste stillingane vi lyste ut, men kjem til å søkje meir etter røyrleggarar, maskinarbeidarar og stålarbeidarar, samtykkjer Storaker og Hide.

Storaker er sjølv mellom dei nye på Vågsneset. Ho kjem opphavleg frå Bigset i Hareid, og har no flytta tilbake til regionen saman med familien, etter nokre år i Oslo.

– Eg har blitt veldig godt motteken. Det er eit hektisk miljø her, med ei stor vilje til å lukkast, seier Storaker til Vestlandsnytt.

Sentralt: Redusere risiko

Inge-Jonny Hide slår fast at Myklebust Verft jobbar målbevisst for å redusere samla risiko i prosjekta. Ei av målsettingane, som ein med god margin held, er at kundane skal vere kjende frå før, med eit ynskje om at dei kjem tilbake.

– Kundelojaliteten er viktig for oss, og den held vi ved like takka vere godt samarbeid og godt arbeid. At Roger Halsebakk og Sølvtrans kom tilbake til oss og bestilte ny brønnbåt, inneber at ei strategisk viktig målsetting vart nådd. Inntil noko anna er sagt, har vi i dag ambisjonar om å levere eitt til tre nybygg i året. Resten dreier seg om ettermarknaden, som vi legg like stor vekt på, avsluttar ein optimistisk Inge-Jonny Hide.