– Avtalen går ut på at Sunnmørsbadet no skal vere undervisingshus for faga der Høgskulen treng bassengfasilitetar for hausten 2019 og våren 2020, forklarar Sortehaug.

Grunnen til at dette i det heile tatt i det heile no har vore ute på anbod, er at tilhøva i symjehallen på Høgskulen i Volda er så dårlege at han må stengast og rivast. Konklusjonen gjekk fram i ein tilstandsrapport som Statsbygg hadde fått. Frå og med 13. mai har det ikkje vore drift ved anlegget.

No skal altså studentane ved Høgskulen i Volda reise til Herøy for å bruke Sunnmørsbadet. Margrete Apelseth, overingeniør ved Høgskulen, opplyser til Vestlandsnytt at det gjeld alle studentar som treng symje- og livbergingskurs i kroppsøving i lærarutdanningane, fysisk aktivitet i barnehagelærarutdanninga, PPU, idrettsfag og friluftsliv- og naturguideutdanningane.

Hadde ikkje venta det

Dagleg leiar ved Sunnmørsbadet, Sortehaug, seier at nyheita kom som ei gledeleg overrasking for dei.

– Eg hadde eigentleg ikkje venta at vi skulle klare å vinne dette, så då er det ekstra kjekt. Men det skal seiast, vi måtte strekke oss langt, og prisen vi tek reflekterer det stykket studentane må reise. Men vi fekk anbodet, og det er gledeleg.

For å kome til symjehallen må studentane fraktast i buss frå Høgskulen i Volda. Om lag 25 studentar vil delta i kvar time, totalt om lag 170 studentar.

– Det er bra vi får studentar ut hit i distriktet, og kanskje kan det drype litt på andre også, som ei følgje av dette, smiler Sortehaug.

Høgskulen i Volda har gjort avtale om å leige 176 timar hjå Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, og dei konkrete bestillingane av dato og tidspunkt for timar vil avdelingane på Høgskulen i Volda sjølve ta hand om. Avtalen gjeld berre bruk av 25 meters-bassenget med stupetårn.

– Velværeavdelinga og barnebassenget vil derfor kunne vere tilgjengeleg for oss.

Anbodet handlar berre om leige av lokale, og ikkje instruksjon. Lærarar stiller skulen med sjølv.

Ikkje store utfordringar

Forhåpentlegvis vil ikkje folk flest merke noko av denne ordninga, spesielt då det skjer på dagtid, forsikrar Sortehaug.

– Vi vil måtte gjere nokre rokeringar for å få ting til å gå opp med tanke på garderobane og slikt, men dette skal vi få til.

Derfor vinne dei anbodet

Apelseth seier følgjande om konkurransen:

– Høgskulen i Volda sende førespurnad til tre symjehallar. Etter å ha evaluert tilboda, vurderte vi at Sunnmørsbadet Fosnavåg AS var best eigna både i høve fasilitetar, pris og tilgjengeleg tid.

Sortehaug meiner også sjølv at ein av dei avgjerande faktorane er at dei i sitt anbod inkluderte full tilgang på sjukestova og hjartestartarutstyr for kursing i livredning.