D et er fullt mogleg å få til, men då må vi bruke det vesle vitet vi har fått tildelt. Når politikarar og andre snakkar om temaet, avslører dei ofte stor mangel på kunnskap om det havet dei peikar på. I mitt arbeid i fiskeriorganisasjonane møtte eg mange kunnskapsrike og flinke folk frå politikk og forvaltning. Mange sleit med å skjøne at det kunne bli arealkonfliktar på havet – havet er så uendeleg stort.

Havet dekker 70 prosent av jordas overflate, men 80 prosent av det store havet er djupare enn 3000 meter, og der skjer det ingenting. Resten er grunnare område, eller kall det sokkel. Der er aktiviteten stor, og vest for landet vårt er aktiviteten ekstra stor.

Når vi planlegg utbygging av vindparkar til havs, må det vere ei klar målsetjing om ikkje å blokkere for anna næringsverksemd.

Men Norges største energiselskap, Equinor, har visst ikkje tenkt å ta slike omsyn.

Equinor sitt prestisjeprosjekt, Hywind, går ut på å plassere 11 vindturbinar på Tampen, for å forsyne oljeinstallasjonane Snorre og Gullfaks med straum. Kanskje blir dei møtt av applaus frå folkedjupet, men dei blokkerer eit fiskefelt. Fiskeriorganisasjonane har protestert og spelt inn konstruktive framlegg til alternativ plassering, men Equinor har så langt ikkje justert planane sine.

Etter mitt syn, må styremaktene ta fatt i dette no, og setje ned ei tverrfagleg gruppe som får i oppdrag å utarbeide ein reguleringsplan for havet. Vi kan ikkje ha det slik at dei store og sterke set seg på bulldosaren, og køyrer over andre næringsinteresser.

Verktøyet til å lage ein slik reguleringsplan er hyllevare. Fiskeridirektoratet har kart som viser all fiskeriaktivitet over tid, basert på satellittsporing. Oljedirektoratet sit med nøyaktige kart over oljeinstallasjonane. Kystverket har oversyn over dei seglingskorridorane som vart vedtekne vest for landet vårt, og skipstrafikken elles. Desse ulike fagetatane bør ta med seg næringsinteressene og utarbeide ein plan, der målsettinga er å finne område der ein kan plassere flytande vindturbinar, utan å blokkere andre.

Det er ein tommelfingerregel på havet; Ein installasjon krev mykje meir plass enn arealet på sjølve installasjonen. Skal ein setje ut reiskap ved ein installasjon, må ein ta omsyn til avdrift med straum og vind. Dette veit vi alt om, etter å ha fiska nær oljeinstallasjonar i mange år.

Etter mitt syn, er det flytande vindturbinar som peikar seg ut, og det er fleire grunnar til det. For det første vil ein vere meir fleksibel med omsyn til plassering. For det andre er det å ankre flytande installasjonar ein operasjon oljeselskapa kan veldig mykje om. Sist, men ikkje minst, er den maritime industrien i vårt område i førarsetet når det gjeld å designe og bygge fartøy som kan handtere desse vindturbinane. Ankerhandtering er ein kunnskap som har vore tilgjengeleg i fleire tiår.

Som fiskarar lærte vi mykje om arealkonfliktar, gjennom vårt samliv med oljeindustrien. Eg var svært ung då vi, på midten av 1970-talet, for første gang møtte ein offensiv oljeindustri i rask vekst i Nordsjøen.

Då var det amerikanarane som styrte butikken, og dei var akkurat som i sine eigne westernfilmar: «This town ain’t big enough for both of us». Amerikanarane hadde ikkje nokon tradisjon for å ta omsyn til andre. Vi opplevde heile tida at styresmaktene rulla ut den raude løparen for «gullungen», medan «gaukungen» (vi) måtte halde seg fast for ikkje å dette ut av reiret.

Oljeriggane må sjølvsagt plasserast der oljen er, men flytande vindturbinar kan plasserast nesten kvar som helst, det er berre eit spørsmål om kor mykje kjetting ein er villig til å bruke.

Både den blå og den grøne åkeren har noko til felles: Ein skal hauste mat der. Den grøne åkeren ser politikarane frå tingstolen, og ein vindpark i ein kornåker er utenkeleg. Den blå åker som skal gi oss fornybar mat, er det svært få som ser. Den er likevel fundamentet for ei av våre største eksportnæringar. Fiskefelta må vere opne for dei som skal hauste – det går diverre ikkje å fiske mellom vindturbinar. Dersom sentrale styresmakter likevel aksepterer at fiskefelt blir blokkerte av vindturbinar, reiser dei eit godt synleg monument over sin eigen inkompetanse.

Ha ein tankefull fredag.