– Det er vanskeleg å finne sterke nok ord for den gleda vi opplever i dag. I det siste året har vi som køyrer inn og ut av Fosnavåg kunne sjå eit prosjekt ta form, eit prosjekt som både vi og entreprenørane kan vere stolte av. Vi har hatt eit tolmodig folk, som har køyrt opp og ned bakken, og også nokre utolmodige. Men prosjektet har gått bra, og vi kan no takke Statens Vegvesen og Aurvoll & Furesund AS som entreprenør for å ha levert eit kvalitetsprodukt.

Det var orda til Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr då han fredag innleia opninga av det som har vore eit etterlengta prosjekt i tiår. Skarabakken. Tidlegare smal, svingete og bratt, no open og brei med fortau på begge sider. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som eig vegen, og prosjektet er utført av Statens vegvesen som byggherre og Aurvoll & Furesund AS som entreprenør. Den samla prislappen på prosjektet har enda opp på 37,5 millionar kroner. I tillegg til 360 meter ny veg, inkluderer dette kjøp av tre hus og støyreduserande tiltak for fire bustadar. Herøy kommune har finansiert i underkant av 4 millionar kroner for fortauet på ca. 120 meter nedst i bakken.

– Har gått veldig bra

Etter ordføraren hadde sagt sitt, blei dei frammøtte underhaldt med korsong frå barnehagebarn frå både Bergslia og Huldal barnehage. Dagleg leiar for Aurvoll & Furesund, Eivind Berge, tok så til ordet for å takke samarbeidspartnarane i prosjektet med blomar.

– Vi er stolte av det vi overleverer, det er eit flott prosjekt. Utfordringane tenkte vi spesielt kom til å vere kring sprenginga og trafikk, men dette har gått veldig bra, med unntak av ein uheldig situasjon der det blei skader på eit hus. Elles har det gått veldig bra. Vi har ikkje mottatt mange klager frå folk, heller motsett, sa Berge, og la til at det står att litt småarbeid med sikring.

– Beklagar at det ikkje har skjedd før

Til å klippe snora og offisielt opne vegen var leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Kristin Sørheim invitert.

– Gratulerer med dagen og opning av nye veg her ved det som har vore ein av dei verste flaskehalsane i regionen. Denne vegen var vel ikkje bygd for anna enn hest og kjerre i starten, i alle fall ikkje for den store trafikken av syklistar, gåande, tong næringstrafikk og turistar som eigentleg har vore her. Den har ikkje vore trafikksikker i det heile, og det har ikkje vore ein verdig innfartsveg til byen Fosnavåg. Så vi er glade for å endeleg ha fått til dette, eg beklagar for at vi ikkje har klart det før, og for at vi ikkje har meir pengar til slike små livsviktige prosjekt som dette. Men i dag skal vi glede oss over den nye Skarabakken.

Etter opninga vart det delt ut kake og bollar til alle dei frammøtte for å feire denne milepålen.