– Ein del tilkallingsvakter har allereie slutta. Det same gjeld for eit par fast tilsette som har skaffa seg anna arbeid. Frå august av nedbemannar vi med 20 fast tilsette.

Det seier dagleg leiar Jan Brevik i Maritim Food avdeling Gjerdsvika.

Bakgrunnen er som kjent at fiskematproduksjonen ved bedrifta vert lagt ned. Årsaka er at kunden NorgesGruppen (Unil) no var valt å desse produkta frå Lerøy i staden for frå den tradisjonsrike fiskematbedrifta i Gjerdsvika.

– Difor vert vi sitjande att utelukkande med hermetikkproduksjon i Gjerdsvika. Då har store delar av produksjonsgrunnlaget vårt falle vekk, og vi må tilpasse talet på tilsette med ein ny situasjon, seier Brevik til Vestlandsnytt.

Han seier dei gjennom den utfordrande prosessen har hatt eit ryddig og godt samarbeid med tillitsvalde og organisasjonar.

– Det å bestemme kven som skal vere att, er ikkje avhengig berre av ansiennitet. Her går det i stor grad på kompetanse. Det seier seg sjølv at det er naturleg at dei med erfaring frå, og kunnskap om, hermetikkproduksjon, låg best an når det gjeld å halde fram ved bedrifta, seier Brevik.

Makrell-suksess

Nyleg vart makrell i tomat frå Maritim Food trekt fram mellom dei aller beste i ein blindtest i ei større avis. Det har også skjedd tidlegare at makrellfileten frå Gjerdsvika når høgt opp i slike kåringar.

Bedrifta i Gjerdsvika er i dag landets einaste produsent av hermetisk makrell i tomat.

– For oss er det strålande nytt at makrellfileten får slike omtalar. Vi ser også at denne produksjonen er aukande. Hermetisk makrellfilet i tomat som vi leverer under merket First Price har til dømes auka med 23 prosent i år, seier Brevik.

Han meiner det skal vere mogleg å få opp ein auka produksjon på hermetikk, med makrell i tomat som ein vekstfaktor.

Men om det er nok til å halde liv i bedrifta også vidare framover, kan verken Brevik eller resten av leiinga i konsernet svare på i dag.

– Vi jobbar parallelt med denne utfordrande situasjonen også med å sjå på om det finst andre felt som gjer at vi får auka produksjonsvolum, avsluttar Jan Brevik.