Ja, for det er sjølvsagt ikkje utan grunn at Stine Elisabeth Goksøyr og Ko:Ko Norway har kunne investere mellom ni og ti millionar kroner i det arkitektonisk unike og multifunksjonelle nybygget på Mjølstaneset.

Sidan 2016 har den åtte år gamle Fosnavåg-bedrifta hatt ein enorm vekst. Rekneskapen frå 2017 viser at dei omsette for over 14 millionar kroner det året og fekk eit resultat før skatt på 1,9 millionar kroner. Resultatet vart omtrent det same i fjor, og i 2019 ligg bedrifta an til å omsetje for 20 millionar kroner.

Ein slik suksess har sjølvsagt ikkje kome av seg sjølv.

– Vi har gjort nokre sprø investeringar og har vore «på kanten» fleire gongar, men så har vi klart å roe det ned igjen, seier kjoledesignaren, som bruker minst like mykje tid på marknadsføring som ho bruker på å designe kjolar.

I tillegg til nybygget, som inneheld lager, kontor, showroom, fotorom, kjøkken og god plass til samlingar og events, har bedrifta fått bygd ein ny digital plattform for nettbutikken til over ein halv million kroner.

– Denne vil gjere alt som har med lagerstyring og logistikk lettare for oss, slik at vi kan bruke meir tid på andre ting, seier Goksøyr.

Og det trengst. Kvar veke sender Ko:Ko Norway nemleg ut mellom 500 og 700 kjolar til kundar over heile Norden. Den nye plattforma er spesielt retta mot sal til utlandet, som utgjer kring 20 prosent av omsetninga.

– Utanlandssalet tek ikkje av, men veks sakte men sikkert, i takt med det norske salet, seier Goksøyr.

Så smiler ho.

– Vi går og snakkar litt sånn «halvsvensk» her. Kristin (Smådal Hide, tilsett, red. mrk) har faktisk blitt god på svensk.

Tett etter seks månadar

Det første Stine viser oss er lagerrommet. Vi ser rad på rad med reolar med ferdigpakka varer, tilsende frå produksjonen i Polen og Litauen. Men der er også ein skrivepult med datamaskiner på. Eit kontor?

– Vi måtte ut av lokala vi leigde før februar i fjor, så vi sjekka om det var mogleg å få opp dette bygget på seks månadar. Alle, både banken, kommunen, arkitekten (Georg Grimstad) og entreprenøren vart med på det. Det var heilt surrealistisk. Etter seks månadar var bygget tett og vi fekk midlertidig bruksløyve i lagerbygget. Vi flytta inn der og laga kontor den 28. januar i fjor, seier Stine.

Mannen hennar, Øyvind Rekkedal, som vart dagleg leiar då salet tok av i 2016, «flytta» på si side opp i andreetasjen og byrja på det enorme arbeidet med å gjere ferdig bygget.

– Han er handverkar i vid forstand og veldig flink. Vi hadde aldri kunne fått eit slikt bygg om det ikkje var for han, seier Stine.

Rekkedal er elles utdanna kokk, noko som viser igjen i det store, italienske kjøkkenet.

Elles er huset for det meste innreia med norsk design.

– Møblane er frå Hjelle, Varier Furniture og Fjordfiesta. Og så har vi bitte litt Ikea. Det er forsvarleg, sidan vi har nokre svenske kundar, smiler Stine.

Bygg med særpreg

Bygget er prega av grove flater mot blanke flater, med mykje råmateriale som betong og glas. Stilen er minimalistisk.

– Vi har valt å bruke struktur og bygge kontrastar med små ting, seier Stine.

Til dømes kan ein sjå namnet firmanamnet i dei store vindauga på framsida av bygget.

Fargevalet i bygget, også når det gjeld innreiinga, er dei same som i Ko:Ko sin logo: Raudt, svart og kvitt.

– Og så har vi eit lite touch av rosa, seier Stine.

Finn inspirasjon på mørkeloftet

Dei tre Ko:Ko-medarbeidarane treng ikkje lenger reise av garde for å dra på messe. Eller for å arrangere fotoshoot. Eller ha kundemøte. Frå no av skal alt skje på Mjølstaneset. Då får Stine forhåpentlegvis meir tid til å gjere det ho verkeleg elskar: å teikne vakre kjolar. Ja, og så jumpsuits då ...

– I det siste har vi selt enormt mykje jumpsuits. Då beveger vi oss bort i litt andre ting enn kjolar, men det er i den same kategorien, seier Stine.

Ho har laga eit eige designrom med ein tilstøytande walk-in-garderobe full av vareprøver. Men ikkje berre.

– Denne kjolen brukte eg sjølv, seier Stine og trekkjer fram eit lite, ferskenfarga plagg.

– Han er frå 1974 og har inspirert meg masse. Eg finn mykje fint på mørkeloftet til mora mi og hos venninnene mine, seier ho.

Opnar huset for publikum

Ko:Ko Norway har fått løyve av kommunen til å halde lagersal eit par gongar i året. Det skjer første gong førstkomande torsdag, under Sommarfesten i Fosnavåg.

– Det vert i samband med den offisielle opninga av bygget. Då vert det i tillegg litt omvising her og noko å bite i, seier Stine.

Vareprøvene frå designrommet er noko av det besøkande vil finne på lagersalet denne dagen.