Gurskøya Sør har no fått løyve frå Sande kommune til å felle 20 fleire hjort i 2019. Bakgrunnen er teljingar og innspel frå grunneigarar som syner at talet på hjort har auka betrakteleg.

Nyleg kom det eit utspel frå gardbrukar Torleiv Storegjerde som hadde talt opp til 70 dyr på dyrkamarka, og store flokkar i både Hallebygda og Dalebygda. Han er mellom fleire som siste året, i ulike samanhengar, har meldt om aukande hjorteplage.

– Sande kommune ynskjer å ha ein berekraftig og sunn hjortestamme, og håpar at auka avskyting vil betre dette, skriv rådmann Trond Arne Aglen i ei tilbakemelding til Storegjerde.