I alle fall leverte fleirtalet av dei folkevalde eit tydeleg signal til administrasjonen under formannskapsmøtet denne veka. Administrasjonen vil no legge fram ei politisk sak, der heilårsskyss i Sandvika er tema.

Det skjer etter at Tine Storøy (H) stilte spørsmål om kvifor ungdomsskuleelevane i Sandvika berre har rett på skuleskyss i perioden 1. november–31. mars. Ho meiner at skulevegen i Sandvika er for farleg og at elevane derfor bør få skyss heile året.

Kommunalsjef for oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, meiner derimot at den noverande ordninga er heilt i tråd med skyssreglementet. I formannskapet nytta ho også anledninga til å minne om at oppvekstkomiteen vurderte saka så seint som i fjor haust.

– Dei vurderte det til å ikkje vere vesentleg endringar på denne strekninga. Dei såg ikkje strekninga som farlegare enn mange andre strekningar i kommunen, sa Lillebø Remøy.

Ho minna også om at Herøy kommune allereie har ein raus praksis. Deretter åtvara Lillebø Remøy om at å gi elevane i Sandvika heilårsskyss garantert vil danne eit mønster for seinare avgjerder av liknande type.

– Eg vil berre nemne nokre strekningar der foreldre er bekymra: Torvik- Frøystad, Røyra- Frøystad, Leikongbakkane, og vi har også ei strekning på Jøsok. Det har byrja å kome opp spørsmål om Teigane, som er eit smalt kryss. Eg seier dette for å råde dykk til å sjå heilskapen. Blir det likevel politisk vilje så må det ekstra løyvingar til, avslutta kommunalsjefen.

– Tryggleiken viktigast

Tine Storøy oppfatta kva kommunalsjefen meinte, men forandra ikkje sitt syn på saka.

– Det viktigaste er at elevane er trygge. Vi må heller berre ta etterspela. Om ikkje kan det ende med at elevane søker seg til Møre, for då får dei skyss, sa Storøy.

Kjell Runde (Folkelista) var heilt på line.

– Eg har forståing for spørsmålet, og for bekymringa. Dei beveger seg langs ein veg med 80- og 70-sone. Bussen går der. Kan dei ikkje få ta han? Eg trur ikkje det er mange kronene det er snakk om, det er heller eit sterkt ønske om å få skyss. Vi får ta spørsmåla som kjem i etterkant, meinte han.

Jens Terje Johnsen (Ap) meinte dei var nøydt til å fokusere på trafikktrygginga.

– Eg vil seie at vår oppgåve er å trygge skulevegen, sjølv om det vil skape ein presedens, sa han.

– Vi byrjar å bli populistiske

Varaordførar Camilla Storøy (KrF) var derimot ikkje einig.

– Eg føler vi byrjar å bli populistiske. Ja, Sandvika har ein farleg veg. Men dei har vi allereie kome litt i møte når det gjeld veg, mykje meir enn det vi har gjort for andre. Eg vil støtte det oppvekstkomiteen har sagt. Eg er livredd for at auka utgifter vil gå utover kvaliteten i skulen, sa Storøy.

Ordføraren kjøper ikkje «presedens-kortet»

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) gjorde det derimot klart at han ikkje ville kjøpe «presedens-kortet» til kommunalsjefen, og at han heller ikkje var redd for å bli oppfatta som populistisk.

– Då vil eg vere populistisk. Vi har bede fylket om å lage gangveg på eit lite stykke på Jensholmbrua, berre fordi nokre skal få parkere på Jensholmen. Sandvika er den farlegaste skulevegen i kommunen, og der må vi gjere noko. Vegen der er kritisk, avslutta ordføraren.

Kva tid saka kjem til politisk behandling er ikkje klart, men Tine Storøy håper å ha ei løysing på plass til skulestart.