Kystverket har no endeleg godkjent forskrifta om fartsgrense i Herøy sitt sjøområde. Forskrifta tok til å gjelde 8. juni.

Kommunen fastsette så tidleg som i 2014 ei lokal forskrift om fartsgrense på 5 knop i Fosnavåg fiskerihamn og 7 knop i Straumane. Fem knop var også meint å gjelde i Straumane, men etter innspel frå publikum blei grensa auka til sju knop her. Fem knop i Straumane ville ikkje gi tilstrekkeleg styrefart, blei det hevda i innspel under høyringa.

Vidare har Kystverket gitt kommunen løyve til merking av fartsgrensa, og oppmodar kommunen til å kunngjere den nye forskrifta. Fartsgrenseskilt skal settast opp i innseglinga til Fosnavåg hamn og i kvar ende av Straumane.

Brot på fartsgrensa kan straffast med bøter etter lov om hamner og farvatn.

Forskrifta gjeld ikkje for forsvaret, politiet, tollvesenet og brannvesenet sine fartøy, samt los- og ambulansefartøy, fartøy med lege om bord og fartøy i sjøredningstenesta.