I kveld, fredag, er det klart for nye kampar i 4. divisjon. Og på Larsnes stadion kan det fort bli ein skikkeleg fotballgodbit når eit heimelag i kanonform møter eit anna formlag, nemleg serieleiar Volda.

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff ventar seg ein tøff kamp, men minner om at gutane hans er stinne i sjølvtillit om dagen.

Bergsøy jaktar tabelltoppen

Bergsøy-sjef Tommy Malins er også spent på utfallet på Larsnes, då hans gutar vil ta kommandoen i divisjonen om LGFK tar poeng, samtidig som dei sjølve slår SIF/Hessa i Ålesund.

Men SIF/Hessa er gode på heimebane, og har vunne fire av fem på «Siffen» i år.