Roar Aasen, dagleg leiar ved Fosnavaag Pelagic, innrømmer at trua på hamneutdjupinga var låg så seint som førre veke. No ser han derimot optimistisk på framtida.

– Dette er ein gledeleg dag. Prosjektet har vore omsnakka lenge, og vi har venta. Men så lenge prosjektet har vore utan bevilling har vi ikkje kunne lagt planar. Men no har vi fått rammevilkår for å tenke framtid, seier Aasen.

Han meiner utdjupinga vil få store ringverknadar.

– No vil det bli meir råstoff, og då blir det meir arbeid, og fleire arbeidsplassar. Noko som vil føre til meir folk i kommunen, og slik går det vidare. Ein ny primærarbeidsplass skaper gjerne også fleire sekundærarbeidsplassar, smiler Aasen.

– Kan styrke staben

Også dagleg leiar Martin Nørvåg og salssjef Knut Erik Håheim ved Fosnot (tidlegare Fosnavåg Notbøteri) smilte om kapp med sola då den gode nyheita vart kjend.

– Når utbygginga er ferdig kan vi endeleg få kundane inn til kai. Tidlegare har vi tapt kundar fordi det ikkje har vore mogleg å legge til ved notbøteriet. No får vi moglegheita til å styrke staben. Denne tildelinga var veldig viktig, gliser Nørvåg.