Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ein kommentar til Vestlandsnytt etter at han i solskinet fredag troppa opp på kaia i Fosnavåg og delte ut 108, 5 millionar kroner til hamneutdjuping på Fosnavåg hamn.

Dermed får Fosnavåg hamn litt over ein tredjedel av den nye løyvinga på 300 millionar kroner som dalsfjordingen skal dele ut i desse dagar.

Han er elles svært fornøgd med at dei fire regjeringspartia har lukkast med å finne ei løysing som sikrar raskare framdrift enn det dei fekk til då dei laga nasjonal transportplan (NTP) for to år sidan.

– Dette har vi fått til fordi vi har hatt eit tett samarbeid med lokale myndigheiter og lokalt næringsliv, som gjer det mogleg å få til ei forskottering. Og skal eg vere heilt ærleg; vi har blitt utsett for eit betydeleg lokalt press for å få til denne løysinga, seier samferdselsministeren.

Dyrt, men fornuftig

Dale er klar på at sjølv om det er ei stor investering, så føler han seg trygg på at det er ei fornuftig investering.

– Til hamneprosjekt å vere er det eit ganske dyrt prosjekt, men det er likevel eit nødvendig prosjekt for å få til positiv utvikling. Og når ein står her og veit Herøy, og delar av Søre Sunnmøre, sitt forhold til sjø, fiskerihistorie og den vekstkrafta som finnast her, ja då meiner eg det er ei rett prioritering, seier «Goggen».

– Alle som har vore på Stortinget og besøkt oss har gitt oss ei klar forståing for at dette er eit prosjekt som hastar. Og det var gledeleg då prosjektet kom inn på NTP, men at vi kan starte opp prosjektet i dag, det er veldig positivt, kommenterer Marianne Synnes (H).

Ho meiner elles at det er heilt avgjerande å leggje til rette for at fiskeriet kan utvikle seg vidare.

– Herøy er ei av kommunane som verkeleg har blødd i forhold til olje og gass. Då skulle det berre mangle at vi vil hjelpe til med utviklinga av fiskerihamna, seier Synnes.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir!