Det var onsdag 12. juni samferdselsutvalet tok opp ei sak om ferjesituasjonen i rute 01. Bakteppet er todelt: For det første er det ferjekaier i sambandet som treng snarlege utbetringar. For det andre har Norled tilbode seg å setje inn den fire år unge ferje «Utne» i sambandet, som erstatning for 42-åringen «Kvam».

Sak i september

– Samferdselsutvalet er bekymra for ferjetilbodet i rute 01, og ber om ei sak til møtet i september, der mellombelse tiltak vert vurderte og primært finansierte innanfor eiga ramme, slik at nytt ferjemateriell kan setjast inn så snart som mogleg, heiter det i eit samrøystes vedtak frå samferdselsutvalet.

Dette framlegget, opphavleg fremja av Charles Tøsse (H), vart på møtet omgjort til eit fellesforslag frå heile utvalet.

Det siste inneber at det er brei semje i utvalet om å ta ut dette sambandet og sjå på det særskilt.

I neste punkt skriv utvalet at dei på lengre sikt er samstemte med tilrådinga frå vegvesenet, at tiltaka må vere på plass i 2023/24. Om det ikkje let seg gjere med ei snarleg løysing ynskjer samferdselspolitikarane at det vert vurdert å forsere tiltaka i arbeidet med økonomiplanen.

Vaagen: – Bra vedtak

Sande-ordførar Dag Vaagen seier det er gledeleg at eit samla utval no vil halde oppe trykket på rute 01.

– Sambandet og dei investeringane som skal gjerast her, har blitt skubba fram i tid, mellom anna fordi det ikkje er inngått ny kontrakt her. Og samstundes har vi kaier her som er kritiske dårlege, noko også vegvesenet omtalar i sin statusrapport om sambandet. Her kan det brått dukke opp store utfordringar. Difor er det avgjerande at vi er «på ballen» her, seier Vaagen.

Han meiner det i tillegg er eit forpliktande vedtak frå samferdselsutval.

– Er det håp om å få til arbeid med kaier og dermed også ei nyare ferje til vinteren?

– Det er håp om det, ja. Men samstundes gir vedtaket ingen garanti. Vi har i alle fall frå kommunen si side vore veldig tydelege på at behovet er kritisk, og her kan det nærast tan forvarsel kome større kostnader om det ikkje vert handla, seier Vaagen.

Elles har det vore ein del loklale undersøkingar av moglegheitene som ligg i denne saka den siste tida. Mellom anna har Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund (Uavhengig valliste for Sunnmøre) vore på ferjetur og orientert seg.