Ulovleg oppsett reklame i Tjørvåg

Statens vegvesen vil vite kven som har sett opp eit reklameskilt i Tjørvåg.

ULOVLEG: Dette banneret er opphengt utan løyve frå Statens vegvesen. 

Nyhende

Velkomen til Tjørvåg står det på banneret som er strekt mellom to høge stolpar ved Aurvågvegen i Tjørvåg. No lurer Statens vegvesen på kven som har sett opp denne reklamen, som etter plasseringa er retta mot trafikantane. Montasjen er oppsett utan løyve frå vegvesenet og er dermed å sjå på som ulovleg, skriv Elisabeth Mansfield til Herøy kommune.