Det skriv Per Kristian Furø i ein kommentar til gravplassanalysen for Bergsøy/Leinøy. Furø er styreleiar for sameiget av eigedomen som ifylgje avtale med kommunen ikkje skal avstå meir grunn til gravplassen enn det som blei gjort på 80-talet.

Trass i denne avtalen er utviding i Flusund teke med som eit alternativ til å løyse den prekære gravplassituasjonen i denne delen av kommunen.

Ei utviding av gravplassen mot vest og nord vil ha ein betydeleg negativ innverknad på verdien og bruken av eigedomen, både no og for framtida, slår Furø fast.

Urimeleg høg rating

Eigarne av den utsette garden meiner Flusund-alternativet har fått urimeleg høg rating i analysen frå Norconsult. På fleire vesentlege punkt har Flusund oppnådd lik eller høgare poengscore enn til dømes Frøystadmyrane.

Mellom anna er det ikkje teke omsyn til verken nabokonfliktene, fornminnefunn eller den allereie store utnyttinga i Flusund.

Sats på Frøystadmyrane

– Vårt forslag er at Herøy kommune konsentrerer det vidare arbeidet om å etablere gravplass, til dømes i Frøystadmyrane, der det er mogleg å legge til rette for ein funksjonell gravplass i uoverskodeleg framtid, heiter det i kommentaren.