Denne våren har det vore samtalar mellom dei fem kommunane om ei felles satsing retta mot reiseliv.

Tidlegare har Ulstein og Herøy starta opp prosessar knytt til planarbeid retta mot reiseliv. No er det sendt søknad til fylkeskommunen om regionale utviklingsmidlar til eit forprosjekt for ein felles reiselivsplan for Søre Sunnmøre.

– Reiseliv er ei veksande næring i vår region. At kommunane kan samordne si reiselivssatsing gjennom felles strategiar og planverk vil vere positivt for turistane, for næringslivet og for kommunane, heiter det i rådmannen i Sande si vurdering til saka.

Det er planen å setje ned ei prosjektgruppe, ei styringsgruppe og ei referansegruppe. I den siste skal også fylkeskommunen og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre vere med.

Første fase er sett opp med eit budsjett på 800.000 kr. Her vil fylkeskommunen bidra med 400.000 kroner, resten frå eigarkommunane i form av eigeninnsats og tilskot.

I prosjektomtalen heiter det mellom anna:

– Reiselivet på Ytre Søre er fragmentert, uoversiktleg og lite koordinert. Kommunane ynskjer ei kartlegging av kva for aktivitetar og attraksjonar vi allereie har, og kva for moglegheiter og utviklingspotensiale som finst.

Neste fase vil kome som eit sjølvstendig prosjekt, basert på funna i første fase.