Furene As leverer resultat som er betre enn nokon av dei tilsvarande bedriftene i landet. Bedrifta har i år halde fram den gode trenden frå 2018 då Furene leverte rekordtal på formidling med 193 personar over til løna arbeid.

I år er Furene nummer ein på formidling frå tiltaket oppfølging, med ni av ti over i arbeid. Det viser tala som arbeids- og inkluderingsbedriftene samlar inn frå alle medlemsbedriftene i heile landet og presenterer statistikk frå fire gongar i året.

Oppfølging er eit tiltak der Furene, saman med arbeidssøkjar, skal vere ein pådrivar og medspelar for å finne nytt arbeid.

Arbeidsførebuande trening er eit tiltak for dei som står litt lenger vekke frå arbeidslivet, der arbeidstrening og opplæring er viktige element i arbeidsførebuinga. Også der utmerker Furene seg som den sjette beste i landet.

– Det er med stoltheit vi tek imot melding om slike resultat, seier adm.dir. Eldor Skeide i bedrifta med avdelingar i Myrvåg, Ulsteinvik, Ørsta og Vanylven i tillegg til hovudkontoret i Volda.

Tett samarbeid

Skeide framhevar det tette samarbeidet med næringslivet som ein vesentleg grunn til at Furene leverer så gode resultat.

– Deira engasjement og velvilje er heilt avgjerande, og bedriftene opplever oss som ein profesjonell samarbeidspartnar, som er på ballen heile tida med tett, god og løysingsorientert oppfølging, seier Skeide i ei pressemelding.

Marknadskoordinator Olav Stokke seier at med utgangspunkt i bedriftene sine ynskje og krav, kan Furene med stor sikkerheit presentere kandidatar som er aktuelle til dei ulike jobbane.

– Kunnskapen vi har om personane som er i tiltak i Furene gir oss eit unikt utgangspunkt for å finne gode jobbmatcher, seier Stokke.

Grunn til å feire

Ifylgje avdelingsleiar Kirsti Gaudestad er det mange ulike grunnar til at folk kan ha problem med å skaffe seg arbeid på eiga hand. Men med profesjonell oppfølging på vegen ser ein ofte at reisa blir både tydelegare og kortare.

– Kvar enkelt som lukkast i å få seg arbeid gir oss grunn til å feire, seier Gaudestad.