– I fjor hadde vi over 50 kaker. Då vart det litt til overs, seier Sølvi Borgund, leiar for avdeling Solsikken ved Herøy Sanitetsforening.

Dei hadde lært av året før, då køen stod heilt frå teltet på Allmenningskaia til Lied-hjørnet og dei 38 kakene vart rivne vekk på knappe 20 minutt.

– Første gongen hadde vi for store fat, seier Sølvi.

Større fat betyr, i dei fleste tilfelle, større porsjonar. Og når noko er gratis ... vel, folk vil helst fylle opp fata sine.

Treng hjelp

At sanitetskvinnene nok ein gong kan invitere til eit stort, freistande og gratis sunnmørsk kakebord, avheng sjølvsagt av at dei får ein del hjelp.

– Vi kjem til å bake rundt 20 kaker sjølve, men vi treng mange fleire. Dei som vil bidra bør gi beskjed i forkant, slik at vi veit kor mange kaker vi får. Då unngår vi å kome i ein situasjon der vi må bake masse dei siste dagane. Folk finn kontaktinfo på Facebooksida vår, Sanitetshuset-Trekløver, seier Borgund.

Kakene må leverast i teltet om ettermiddagen torsdag 20. juni.

Trekning av premiar

Alle som stiller med kake er med i trekninga av tre gåvekort sponsa av lokalt næringsliv.

– Det eine er eit opphald for to på Thon Hotel Fosnavåg, det andre er eit gåvekort på Restaurant Fosnavåg Brygge, og det tredje er eit gåvekort på Sunnmørsbadet, opplyser Borgund.

Låg terskel

Det vert sjølvsagt ikkje stilt krav til kva type kake ein leverer. Sølvi og Merethe Ofstad (også Solsikken-medlem) har allereie tenkt på kva dei skal bidra med.

– Eg lurer på om eg skal lage ei fyrstekake, for den er ganske sjeldan, og så kan eg lage den klar på førehand, seier Merethe.

– Eg lagar nok ei skuffekake, seier Sølvi.