Det er fredag kveld på Thon Hotel Fosnavåg. Klokka har bikka 20.15, og vi har avtalt å møte TIX (Andreas Haukeland) for eit intervju, før han fer til Herøy kulturhus for å spele på UNGfestivalen. Det er elles ikkje Andreas, men fotografen hans, Kristoffer, som tek oss i handa i hotell-lobbyen.

– Andreas står nede, for her er det så mykje folk, seier han.

I underetasjen, skjult mellom to mørke, tunge dører inn mot konserthuset, finn vi Andreas. Han gøymer seg for fansen, som det ser ut til å vere ein del av mellom gjestane på hotellet.

– Vi har fått låne eit konferanserom.

Andreas verkar letta. Han trekkjer hetta på genseren godt over hovudet og følgjer etter oss mot det tilviste rommet. Dei karakteristiske solbrillene han alltid går med gjer han ikkje akkurat mindre mistenkeleg.

Rommet ligg like ved inngangen til Fosnavåg kino. Vi passerer berre eit par tenåringsjenter på vegen, som begge gjer store auge ved synet av den kjende skikkelsen.

– Viss eg hadde ei superkraft, skulle det vere å skru av berømmelsen – trykkje på ein knapp så eg sjølv kunne velje når folk skulle kjenne meg igjen og ikkje. Eller så ville eg ha kunne klone meg sjølv! For to av meg er dobbelt så bra som éin av meg.

To av han. Meiner han to av TIX? Eller av Andreas Haukeland? Kva er eigentleg forskjellen?

– Andreas er nok litt sjenert. Der er slett ikkje TIX. Han står fram som hundre prosent sjølvsikker – men det er fordi eg er det. Eg har ingenting å vere usikker på, seier TIX.

Han held fram:

– Men det er lov å vere hundre prosent sjølvsikker og samtidig audmjuk. Faktisk er det først når du er hundre prosent sikker på deg sjølv at du er mest audmjuk. Og folk som er usikre slit med å vere audmjuke.

Han tenkjer seg om ein augneblink.

– Men det er ikkje enkelt å vere sjølvsikker heller. Ein må modnast og lære å bli kjend med seg sjølv. Alle menneske har eit stadfestingsbehov. Eg har fått stadfesta alt eg treng. Eg veit at eg er «the shit».

– Korleis ville dei vennene som har kjent deg lengst beskrive deg?

– Dei vennene kjenner meg ikkje lenger, for personlegdomen min har forandra seg over tid. Men dei vennene eg omgåast med i musikkbransjen ville nok sagt at eg er veldig jordnær og audmjuk.

– Kva gjer du på fritida?

– Lagar musikk. Eg har ikkje tid til så mykje anna. Eg jobbar heile tida. Det er slik eg har valt å leve, og no må eg berre halde fram. Det er for seint å snu.

Best rusfritt

Vi vert sitjande og prate i nesten ein time. I løpet av den tida finn vi mellom anna ut at Andreas byrja med musikk i 8. klasse, mest fordi han ville bli best og gjere inntrykk på jentene, at han et pizza og sushi annakvar dag (når han ikkje er på turné), og at han likar å spele på ungdomsshow.

– Ungdommar er eit meir takknemleg publikum, og det er veldig hyggeleg å

møte fansen min i edru tilstand. Det er koselegare å prate med dei då, seier Andreas.

Song med «alvorsprat»

For kort tid sida, slapp TIX låten «Jeg Vil Ikke Leve», som gjekk rett til topps på Spotify. Songen har eit mykje mørkare tema enn musikken TIX tidlegare har gitt ut. I refrenget høyrer vi han syngje:

«Så hva gjør vi nå? Drikker alene

Jeg vil ikke leve, men jeg vil ikke dø

Så hva gjør vi nå? Ligger her nede

Jeg vil ikke leve, men jeg vil ikke dø

Og ingen av mine venner skjønner at

jeg har problemer, bare meg»

– Denne songen er ein alvorsprat. Det passar bra etter at eg har synt fram litt meir personlegdom på Paradise Hotel (Andreas var deltakar der i siste sesong, red. mrk.). Det er fint å vise fram denne kontrasten til personlegdomen til TIX, som alle trur dei kjenner. Det viser seg at alle slit med sitt. Alle har ein bagasje, seier Andreas.

Han meiner spesielt at det er viktig å rette fokus mot openheit blant gutar.

– Blant jenter er det drøssevis av influenserar som «lever» på diagnosane sine og psykiske problem. Det er ikkje like vanleg blant gutar. Alle veit at dei også slit, men dei er ikkje like opne om det. Poenget er at det er lov å ha det vondt, og du treng ikkje å ha ein diagnose for å ha det ille.

– Viss du kunne forandre noko ved deg sjølv, kva skulle det vere?

Andreas tenkjer seg om lenge før han svarer:

– Å bry meg mindre om folk. Empatien min er ei svakheit. Det er jo ein fin eigenskap, men i mange samanhengar fører den til at eg vert for snill og takkar ja til ting som eg eigentleg bør seie nei til. Det er ein greie som hemmar meg i kvardagen.

Klokka 22.00 vert TIX og Kristoffer henta på hotellet og køyrt til Herøy kulturhus. Dei vil gjerne få med seg konserten til UNGfestivalen sin andre attraksjon, Mads Veslelia, før TIX sjølv går på.

Dei kan sjølvsagt ikkje vise seg blant fansen, så dei skal sjå det heile frå «kinorommet». For å kome dit, må Andreas, som no har vore ei stund «backstage» på Frivilligsentralen, gjennom kjøkenet/kiosken. Der sår Helena Aasen frå ungdomsrådet og betener ein kø av svoltne ungdommar.

Andreas ser inga anna løysing enn å leggje seg ned på golvet og åle seg/krype lydlaust gjennom rommet for ikkje å bli oppdaga.

Omsider kjem han seg til den andre sida og kan springe opp spiraltrappa til lyd- og lysfolka.

Fotosession. Eller kanskje vi skal kalle det «selfiesession». For det er det det er då TIX møter arrangørane av UNGfestivalen, «Ungdom med mot» og Herøy ungdomsråd», 30 minutt før han skal på scena. Han pratar med dei, tullar med dei og tek bilde med dei. Det er kjekt når det er tilrettelagt for det, synest han. Og det synest definitivt dei også.

Så er klokka der. TIX skal ut til publikum. Dei hyler. Dei hoppar. Dei kan alle songane utanåt. Og det er heilt tydeleg at TIX faktisk er «The shit».