– Folk verkar happy, og så langt har alt gått som smurt.

Det seier dagleg leiar Tom Beddari i Bergsøy IL då Vestlandsnytt hukar tak i han på Havila stadion laurdag ettermiddag.

– Det er mogleg det har blitt nokre gnagsår her og der, men vi har ikkje høyrt om noko meir enn det, smiler han.

Dei to Røde Kors-vaktene på bordet ved sida av, har med andre ord hatt lite anna å gjere enn å kose seg med å sjå det yrande folkelivet.

Berre barnetrinnet

I fjor hadde heile 111 lag meldt seg på Havyard Cup. Det vart ein så stor suksess at arrangørane bestemte seg for å lage ein blåkopi i år, med dei same gode tilboda og samarbeidspartnarane.

– Vi samarbeider med både Thon Hotel Fosnavåg, Fosnavåg kino og Sunnmørsbadet, og HerøyLAN stiller med Bumperballs, seier Beddari.

Likevel vart deltakartalet i 2019 betydeleg lågare, med 64 påmelde lag. Hovudårsaka til det er at det berre er første- til sjuandeklassingar med på årets cup.

– Det var for få påmelde ungdomslag til at kvart av dei kunne spele fire kampar, og då gjekk det ikkje, forklarer Beddari.

Ifølgje bookingsystemet, som dei fleste cuparrangørane nyttar seg av, har der vore ein generell nedgang i deltakartala over heile fjøla, på om lag 40 prosent, opplyser Beddari.

– Det kan mellom anna ha å gjere med at der er fleire cupar å velje mellom og at ungdommane oftare spelar cup i feriane.

– Takk til alle som bidreg

Lufta framfor tribunen duftar av hamburgarar, pølser og mår frå den foreldredrivne utekafeen. Og i klubbhuset er det kiosk med endå fleire godsaker.

– Vi set stor pris på alle foreldra som bidreg med frivillig innsats. Dei er kioskvakter, og dei riggar opp og ned før og etter cupen, skryter Beddari.

Den jobben er rett og slett uvurderleg under eit så stort arrangement som Havyard Cup. Der er trass alt nokre tusen innom i løpet av dagen ...