– Dette gjer vi fast ein gong i året, rett og slett for å markere litt ekstra kor viktig og kjekt det er med trim. Med i bildet er også ei sosial samling.

Det fortel aktivitør Jeanette Skarmyr ved pleie- og omsorgstenesta til Sande kommune.

Fredag 24. mai var både tilsette og frivillige – eit stort apparat – i sving for å gjere det til ein kjekkast mogleg dag for alle deltakarar.

Frivillige stilte opp

Marsjen, eller løpet, gjekk frå uteplassen på Sandetun, rundt den store bygningen og tilbake. Undervegs denne dagen fekk deltakarane også møte ein kjekk ung gjeng frå naboen Hauemarkja barnehage.

– Også ein del heimebuande kom og deltok. I tillegg til oss tilsette vil vi også rette stor takk til Larsnes helselag og fleire andre frivillige som stilte opp for å gjere dagen best mogleg, seier Jeanette Skarmyr.

Trim gir også auka apetitt. Etterpå var det kaffi og saft, vafler og pølser. Dei som tok del, fekk medalje, og Sparebanken Møre hadde teke på spanderbuksene og sponsa solbriller til alle. Kanskje var det eit signal «til oven», for då solbrillene vart tekne fram, kom også sola!

– Planen på Superfredag var elles å ha nokre leikar og konkurransar, men det vart litt surt vêr, så barnehageborna boltra seg med desse aktivitetane. Men den var utruleg kjekt å sjå på. Smila sat laust heile dagen, fortel aktivitør Jeanette.

Sjølv om Superfredagen er berre ein gong i året, skal ikkje folk tru denne gjengen trenar så sjeldan.

– Kvar måndag har vi gåtrim ute, og elles er det trim innandørs to gongar i veka. Det er fysioterapeutane Kristine Rein og Kristina Meinseth som står bak dette, fortel Skarmyr til Vestlandsnytt.

Planlegg Øyefestivalen

På Øya er det elles mykje aktivitet, året rundt. Den årlege Øyafestivalen er i år planlagt til veke 25, om vêret vert OK.

– På denne samlinga heidrar vi alle dei kjekke underhaldaranre på Øya. Kvar tysdag har vi nemleg underhaldning. I tillegg også alle dei kunstnarane som bidreg til den faste kunstveggen vår. Det er noko vi gler oss ekstra til, seier aktivitør Jeanette Skarmyr.