Dei fire jentene i 7A, Celine Voldsund Remøy, Alexandra Hjorthaug, Lina Lystad og Dominyka Volkaviciute, snakkar klart og tydeleg til elevmassen som har samla seg i skulegarden bak Bergsøy skule (Borga). Framføre dei heng eit stort banner med store, raudmåla bokstavar. «Klimamarsjen 2019» – Borga-elevane sitt klimaarrangement, med formål om å opplyse om FN sine berekraftsmål, har engasjert mange. Også lærarar og elevar frå ungdomsskulen har teke turen innom.

– Det er ikkje berre styresmaktene i dei ulike landa i verda som skal jobbe med berekraftsmåla. FN har bede kvar einaste éin av oss – deg og meg – om å jobbe med desse måla for å gjere verda til ein betre stad, les dei opp med kraftig røyst.

Goksøyr med utfordring

Arnulf Goksøyr (H) får ordet etter dei fire jentene. Han talar varmt om engasjementet til elevane som har stelt i stand ein klimamarsj. Likeins som elevane på Bergsøy skule utfordrar Herøy kommune til å bli ein klimakommune, utfordrar også ordføraren elevane til å engasjere seg med å sende forslag til klimaplanarbeidet i kommunen.

– Det er viktig at vi held fram med å setje fokus på dei måla som vi sette oss i klimaplanen i 2009, og at vi jobbar vidare med innhaldet no som kan skal fornyast neste år. På den måten blir planen i tråd med FN sine berekraftsmål, seier Goksøyr.

Berekraft-postar

Etter elevappellen og ordførartalen, byrjar turen oppover fjellsida. Post for post møter vi elevgrupper som éi etter éi fortel oss om dei ulike berekraftsmåla, 17 i alt. Vi stoppar opp ved éin av postane for å ta ein prat med elevgruppa som representerer målet om god helse. Gruppa på fem, beståande av Jonas Warholm, Samanta Stonkute, David Schjelderup, Emma Gjelseth og Martin Storøy, tek til med å forklare oss at friske og sunne liv er ein føresetnad for å oppnå berekraftig utvikling. Det er gjort store framsteg i arbeidet med å auke folk sin forventa levealder og minske døyelegheit blant mødrer og barn i verda. Men her må gjerast meir, slår dei fast.

– Vi må trene meir og fokusere på ein betre livsstil. Vi må også få ned talet på trafikkulukker. Målet er å halvere talet på trafikale dødsulukker innan 2020, forklarar Emma Gjelseth.

– Det er også eit mål at vi får redusert døyelegheita for mødrer i verda. Det er for mange som dør, legg Samanta Stonkute til.

– Nok til alle

Ein annan post vi er innom er berekraftsmålet for utrydding av svolt. Her møter vi Linea Furusund, Martinus Gjerde Voldsund, Kasper Hjorthaug Frantsen og Tor Erik Notø. Denne gjengen forklarar oss at svolten i verda er på veg ned. Men likevel så er framleis 821 millionar menneske ramma av svolt, medan nesten to milliardar opplever manglande matsikkerheit.

– Vi må tenke på korleis vi dyrkar, fordeler og bruker maten vår. Om vi berre fordelar ressursane godt nok, er her nok til alle, seier Martinus Gjerde Voldsund sjølvsikkert.