– Vi laga ein film då vi var ute på tur med flåten på søndag. Legg vi filmen ut på Twitter så går det nok berre ei veke før han er her. For der fylgjer han med.

Det er tysdag ettermiddag, sola steiker, og vi har teke turen til idylliske Risnes like ved Myrvåg. I det vi stig ut av bilen møter vi to relativt godt uniformerte menn. Det er reiar Pål Olav Myrvågnes (24) og admiral og pressesjef Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren (16) som ynskjer lokalavisa velkomen.

Dei er to av ein større gjeng som står bak ein av dei mindre kjende attraksjonane i Herøy. For i det vi kjem ned på kaia er det nemleg eit heller uvanleg syn vi har i vente. Det er ikkje mogleg å unngå å leggje merke til det store flagget på toppen, der bodskapen nok inviterer til ein større politisk debatt, all den tid det er ulike meiningar om Donald Trump faktisk har gjort Amerika «great again». Men blikket går fort vidare, då det ikkje er reint lite å feste auga i på denne høgst uvanlege flåten, som passeleg nok har fått dette namnet: «TrumpFloatOne».

– Vi har cola-kjøleskap, gassgrill, jacuzzi, vasski, VIP-lounge, solsenger … Og gløym for all del ikkje bjørka!

Gjengen er samstemte om innhaldet på den karakteristiske flåten, men eg trur faktisk at dei har endå meir.

– Trump-flagg, colakjøleskap og grill. Det er alt du treng for å leve livet. Det manglar eigentleg berre ei seng, skyt Arjan inn.

I tillegg til Arjan og Pål Olav er Jørgen Ringstad (stuert og badevakt), Bjørnar Thorseth (personleg rådgjevar), Nanna Wik (messepike) og nysigneringa Ingvild Ringstad (maskinist med utdanning) på plass då Vestlandsnytt er innom.

– Han er med på alt

Det er elles Pål Olav Myrvågnes som er eigar av den spesielle flåten, utan at det betyr at han står bak alle påfunna.

– Pål går med på alt. Så om ein vil gjere noko «sjukt», då er Pål mannen å oppsøke, seier gjengen.

– Seier du aldri nei?

– Det blir jo jobba med ein vannjet, så eg veit ikkje heilt. Går det så går det, seier Pål sjølv.

Døypt av Ragnar Thorseth

Vi får høyre fleire historier om korleis flåten har blitt til. Byrjinga skriv seg heilt tilbake til 2016 då flåten blei bygd.

– Sjølve bygginga tok vel tre veker, men det var kvar dag. Og det var utan målinga, seier Pål Olav.

– Men målinga var gjort på eit par timar den, skyt Arjan inn.

Dåpen av flåten har også funne stad. Og i fylgje gutane var dåpsfesten av den minneverdige sorten, stødig leia av Ragnar Thorseth.

Men førebels er ikkje flåten vist spesielt mykje fram.

– Det er veldig lite. Men vi var på ei heil jordomsegling på søndag då. Vi var heilt inn i Tjørvågane, seier Arjan.

– Eg hadde faktisk med nokre austlendingar på ekspedisjon ein gong, kommenterer Pål Olav.

– Ei koseflåte

Men i tida framover kan «TrumpFloatOne» bli eit vanlegare syn rundt om kring på Sunnmøre. Gjengen har nemleg planar om å reise med flåten til ulike festivalar, som Trebåtfestivalen i Ulsteinvik og Jugendfest i Ålesund.

– Det skal vere ein koseflåte. Fordelen er at han er litt større enn ein liten båt. Det er litt betre plass, og dermed er det lettare å bevege seg, seier reiaren.

Gjengen trur flåten fort kan bli eit samlingspunkt.

– Kjem det ein båt opp på sida, så kikar jo dei på oss. Og kjem vi i prat, så er det ikkje noko problem for at dei kan legge til her. Det blir på ein måte eit flytande samlingspunkt.

Eit reelt turisttilbod?

På sikt er ambisjonane for flåten endå større.

– Reiselivsbransjen er neste. Vi vil prøve å få flåten inn i Havila Kystruten. Eg trur vi må invitere Per Sævik ut hit for å sjå på ho, seier Arjan, og utløyser latter i gjengen.

Samtidig trur dei at «Trump-flåten» kunne vore eit reelt bidrag i reiselivssatsinga som mellom anna Herøy kommune har eit stort fokus på i dag.

– Om ein ser på naustet som ligg inn i vika her, så er det jo folk der heile sommaren. Det blir tilbode gjennom tyske, franske og italienske sider. No har vi ikkje prøvd det, men eg trur det hadde vore interesse, seier Bjørnar.

– Vi kan grille til dei, la dei bade. Alt er mogleg, det er berre å spørje, kommenterer Arjan og Pål Olav.

– Tenk om turistar kan sende heim ein video av at dei er ute på ei slik flåte i Norge då, avsluttar den fantasifulle gjengen.