Herøy kystlag er framleis plaga med hærverk og skade på gjestebryggene på Fosnavåg hamn. No har leiinga i kystlaget fått nok:

– Om ikkje hærverket og ramponeringa tek slutt må vi berre vurdere å fjerne bryggene, seier leiar Robert Voldnes og nestleiar Sveinung Kopperstad.

Dei synest det er rart at folk ikkje skjønar at dette er redningsutstyr som må få vere i fred. Dei vil likevel prøve å få utbetra skadane enda ein gong.