Myklebust - Gjertnes

Frants (f. 1850) kjøpte i 1880 bnr. 2 på Myklebust av Peder Tobias L. Myklebust for kr 1 400. Ektefellane deira var søstrer: Jetanna (f. 1845) og Gina (f. 1852). Familien til søstrene flytta frå ein husmannsplass på Petterholmen, og til Ålesund i juni 1853. Der kunne dei vise fram attest frå sokneprest Schavland, som var den som rådde over Petterholmen. Frå okt. 1854 budde familien Karl J. Runde på Hareid.

Etter at Gina og Frants gifta seg i 1872, dreiv dei bnr. 2 på Gjertneset i åtte år. I 1875 eigde dei 3 kyr, 1 kalv og 1 gris og sådde 1 ¼ tønne havrekorn og 2 tønner poteter.

Dyktig fiskar

Frants fekk eit naust i Toftestøda i faddergåve frå Frans Olson Wiig. I 1869 konstruerte Sivert Halkjelsvik ein ny og mykje betre båttype; møringsbåten. Men til torskefisket i 1881, var det berre åtte herøyværingar som hadde kjøpt møringsbåt: John Kleppe, Olai Sævik, Johs. Reite, Ole K. Kvalsvik, Elling Ryssevik, Peter Ottesen, Karl Notøy og Frants N. Myklebust. Dei sju i Frants sin møring, var mellom dei som fiska mest det året; 2 000 torsk. At Frants kjøpte gard i 1880, og møringsbåt, seinast i 1881, viser at han var ein dyktig fiskar.

Storm i mai 1895

29. mai 1895 var Frants og Nils Johs. Myklebust (truleg) på Storegga for å dra brosme-line. I ei  amerikansk avis (!) fann eg denne skildringa av uvêrsdagen: «Ved ellevetiden brød der pludselig løs en voldsom storm fra sydvest med svær sjø, saa at havet røg. Baadene kunne være fra 8 til 12 mile fra land. Kort etter satte det ind med saa tæt regntykke at man ikke kunde se mange favne fra sig og udelukkende maatte seile efter kompasset. Haavet var saa voldsomt oprørt og sjøskavlene saa svære».

Rasmus R. Varholm

I  1938 fortalde Rasmus R. Varholm (1861-1943) i «Romsdal Folkeblad» om ulykkesdagen. Med sin båt søkte Rasmus le for stormen bak Skarvehammaren på Svinøya.  Etter at Frants og Nils hadde kollsegla, greidde 34 år gamle Nils å klivre opp på kvelvet, samstundes som han meinheldt i Frants.  Men i uvêret vart Nils kald og kraftlaus.  Det måtte vere forferdeleg for Nils å oppleve korleis kreftene forsvann, og han ikkje lenger greidde å halde hovudet til far sin over havoverflata. Etter ukjend tid ridande på båtkvelvet, vart Nils oppdaga nord om Runde - og berga i land.

22 omkom

Denne maidagen i 1895, omkom 22 fiskarar. Sju frå Rovde fekk sine graver omkransa av tang og tare, m.a. Johannes R. Årskog, og tre av sønene hans.

Ti var frå Haram. Etterpå skreiv Karl Rogne fylgjande om at liket av far hans aldri vart funne: «Nokre fiskarar fann nokre liner på rek etterpå, og tok til å drage. Liket av Karl Haram følgde med. Då skar karane lina av og sleppte enden. Dei ville ikkje ha meir lik i båten! Enn om dei to andre var fast i lina? Det vilde vere betre for oss om far kom att som lik, enn aldri å sjå han meir».

Hjelpte ikkje forliste

Same dagen (?) forliste ein annan båt. To greidde å klamre seg fast til båtkvelvet. Så opplevde dei det forferdelege at ein annan båt segla rett forbi dei, utan at mannskapet brydde seg om å hjelpe, trass i at dei hadde augekontakt og høyrde naudropa. Men takka vere ei observant gjetarjente på Rundefjellet, som ilsprang etter hjelp, lykkast menn frå Runde å berge den eine. Den andre var forsvunnen i djupet.

Inga innsamling i 1895

Avisa «Nordisk Tidende» samanlikna ulykkesdagen i 1895, med 1885, då 33 fiskarar omkom i ein annan storm. Avisa skreiv at takka vere «privat offervillighed» vart det då samla inn så store beløp at «de stakkels efterladte blev sikret mod fattigdom. (…). Denne gang er det dog flest gaardbrugere, saa det formodentlig ikke blir nødvendig at paakalde folks offervillighed som forrige gang».

11 barn - og kårmann

Gina og Frants fekk 11 barn mellom 1873 og 1894: Kornelia (d. 1873), Karoline (g. Tollås, Fosnavåg), Berthe (d. 1894), Nils (USA/Myklebust), Sigvald (USA), Ludvig (Canada), Gustav (USA/Fosnavåg), Frans (USA), Amanda (d.1907), Karl (USA/Fosnavåg) og Berthe (g. Røren, Myklebust).

Frants sin far; Nils, (1819-1896), budde saman med Gina og dei ni attlevande barna. Han hadde rett til gratis kost og losji.

Høgt respektert

Frants var 44 år då livstråden hans slitna 29. mai 1895. 31. mai fekk enkja sin familie besøk av presten. I kyrkja 3. juni heldt sokneprest Nicolai Ely liktale over den omkomne fiskaren. Desse detaljane viser at Frants var høgt respektert.

Seks til USA/Canada

På den tida fanst det ikkje alderspensjon, barnetrygd eller enkjepensjon, og det var ikkje vanleg med livs- og ulykkesforsikringar. Dei farlause barna måtte hjelpe til. Største ansvaret fall på eldste jenta, Karoline, som var 21 år då faren døydde. Kanskje på grunn av hardt arbeid og stress, fekk ho isjias. I mangel på medisin/hjelperåder, vart ho sengeliggande i tre år før ho vart frisk. Men takka vere stor innsats frå alle, og spesielt Gina og Nils, greidde dei å skaffe livberging og behalde husa og garden.

I dei åra var det mange barn- rike familiar. Det budde folk på alle husmannsplassar og gardsbruk. Skulle ein drive fiske, måtte ein vere sjøsterk og trong båt og vegn. Prisane som fiskehandlarane gav, varierte mykje og var uråd å budsjettere med. Så seks av Frants og Gina sine barn reiste til USA/Canada frå 1898 til 1910, tre kom seinare tilbake.

27-51 utvandra i 1905

Nils utvandra til USA i 1898, men kom heim att for å hjelpe til i 1900. Fem år seinare reiste han, kona og to barn tilbake til USA. Nils hadde verv i IOGT-losjen på Bergsøya. Då Nils mangla kr 251 for å ta med familien til Amerika, viser tinglyste papir at losjemedlem Ingebrigt Walderhaug, og Nils Johs. Myklebust, kausjonerte for banklånet.

I 1905 då Noreg vart fri frå unionen med Sverige, viser kjeldene at 27 eller 51 personar med bustadadresse «i Herø» utvandra til USA/Canada. Min farfar; Olaf P. Kvalsvik, reiste saman med Nils i 1905, med «haab om bedre fortjeneste» i det løfterike landet.

Mykje sorg og smerte

Gina mista far sin; Karl, på Hustadvika. Den hjartelause handsaminga som enkja og barna fekk etterpå av fattigvesenet, skildra Peder Møller i Vestlandsnytt 23.12.1994. Ein bror; Petter, omkom utanfor Kvalsvika i 1874. Eine søstera; Karoline, gift med Ola Gjerde, «Rågot-Ola», i Gjerdsvika- og mor til ti, døydde då ho var 44 år, i 1897.

Etter at Gina var gift, mista ho sitt første barn; Kornelia, fire veker etter fødselen i 1873. I 1894 måtte ho følgje ei ny dotter til grava, 18 år gammal. To månader etterpå fødde ho sitt siste barn, som fekk same namnet som jenta som døydde; Berthe. Året etter kom ektemannen bort på sjøen.

I 1907 møtte Gina sorga på nytt. Ei ny 18 år gammal dotter måtte då følgjast til den siste kvilestaden: Amanda døydde av tuberkulose. I 1915 var det Gina si søster; Jetanna Myklebust, sine levedagar som tok slutt. Seinare døydde to barnebarn.

Men Gina let seg ikkje knekke av sorga og den tunge lagnaden. Ho tok fiskearbeid, i tillegg til å drive gard, stelle dyra og vere mor og husmor. Og som før skrive, fekk ho avgjerande hjelp av barna. Kanskje eigde Gina også ei gudstru som gav ho styrke, midt i alt som måtte følast veldig vondt, meiningslaust og uskjøneleg?

Anna og Nils

Heldigvis kom Anna (f. Heggem) med barna tilbake til Herøy i 1908, og Nils kom i 1909. Deira heimkomst var til stor trøyst og hjelp for Gina. Nils heldt fram som fiskar og bonde. Ved folketeljinga i 1910, var han på fiskefeltet kring Bjørnsund. Anna og Nils fekk åtte barn mellom 1902 og 1918, men to av barna døydde i ung alder. Namna på alle var:

Ellen, Frantz, Arnold (d. 1913), Bjarne, Marie, Alma, Nils og Gunnvor (d. 1923).

Saman med morbroren; Johan Karlss. Kvalsvik, og broren; Karl Frantsen, kjøpte Nils motorbåten «Sport» i 1913. Men i 1915 vart 37 år gamle Nils råka av sjukdom, og han vart aldri meir arbeidsfør.

Nils - IOGT

Trass i alt Nils gjekk gjennom, og med omsorg og ansvar for så mange familiemedlemer og andre, viser minneordet i Sunnmørsposten, at han alltid var med godt mod, han eigde ei lys tru, ein sterk karakter og oppmuntringa si nådegåve.

Då Nils Frantsen sovna stille inn i 1933, var han 55 år gammal. Han hadde hatt tillitsverv i IOGT og vore ein viktig og stillfarande såmann i fråhaldsarbeidet. Vener og kjenningar frå eit stort omland møtte fram til gravferda, som vart gjennomført etter losjerituale. Losjefana var sveipt i sørgjeflor. På gravstaden danna losjemedlemene søskenring og song m.a. «Ein gong skal ’kje lenger bindast syskenband i jordisk rom. Gjev me alle då må finnast atter i Guds herlegdom».

Gina si gravferd

Gina var 84 år då hennar jordeliv tok slutt i 1936. Då hadde ho lagt sjuk lenge. Olga Fylling ordna med blomar m.m. til gravferda. Dødsfallet gjorde at eine oldebarnet; Elsie (g. Måløy), fekk avkorta fleire vekes lang legepålagd isolasjon pga. skarlaksfeber, som då var ein svært farleg og smittsam sjukdom. Elsie og bestemora, Karoline Tollås, som hadde pleia den sjuke femåringen «i isolatet», vart vaska med desinfeksjonsvæske, før dei fekk dokter-løyve til å delta i gravferda. Mange menneske følgde Gina til hennar siste kvilestad.

«Viking Sky»

Gjennom åra har Noreg bygd opp eit velferdssamfunn via solidaritet, skattar, avgifter - og inntekter frå oljen, sjørelaterte næringar og andre naturrikdomar som landet vårt er så rikt velsigna med. Dette velferdssamfunnet fekk «heile verda del i» under berginga av «Viking Sky» på Hustadvika - på same havstykket som Gina sin far omkom i ukjent år.

Menneskesynet

I 1895 kappa nokre fiskarar av lina fordi dei ikkje ville risikere å få fleire lik i båten, og andre nekta å hjelpe to som klamra seg fast til eit båtkvelv. Før påske avbraut den store reketrålaren «Remøy» straks fisket i Barentshavet og brukte eitt døgn (?) på å gå til land med eit lik som mannskapet brått oppdaga i trålposen. Det var viktig at dei pårørande snarast råd fekk vite kven den omkomne var, og sleppe å måtte gå lenger i uvisse.

Slumpetreff

Etter denne hendinga, som gav brei mediedekning, slumpa eg til å oppdage Varholm si skildring av ulykkesdagen i 1895. Seinare same dag - via tilfeldig søk på året 1895 - vart eg djupt sjokka over å lese om menneskesynet som nokre viste det året. Desse tilfeldige funna gav meg hug til å granske kjeldene om denne - for meg ukjende - familien, for å kunne kombinere ein sogeartikkel med å skrive nokre takkeord m.m.

Hurra for «Remøy»!

Nordmannen som eig «Viking Sky», bur i skatteparadiset Sveits. No brukar eg ord av Bjørnson for å takke alle som skattar til det norske velferdssamfunnet: «Det som er dagligdags, Det nevnes ikke nettopp straks. (…). Hurra for dem i dag Som farer under norske flagg»! I dag skriv eg eit ekstra hurra for kaptein Kjetil Ervik (Giske), mannskapet og reiarlaget Remøy Havfiske A/S - og alle andre fiskarar og reiarlag som gjennom åra har brukt tid og pengar på å delta i leiting etter sakna/omkomne på sjøen. Gjennom praktisk handling har dei vist eit menneskesyn som eg, og mange med meg, er djupt takksame for finst. Eit godt menneskesyn må aldri takast for sjølvsagt, men bør snakkast om - og dyrkast!

Musikk - Vestlandsnytt

Fleire av Frantsenfamilien har vore svært musikalske og traktert ulike instrument. Storsamfunnet har ofte fått glede og nytte av denne givnaden. Kjeldene viser at fleire av dei også har vore velsigna med stor arbeidsglede. To av familien har vore avgjerande for lokalavisa Vestlandsnytt i fleire tiår: Frantz Gustavson Frantzen og Fred Frantzen.

Herøy Kyrkje

Gina - og Lars Tobiason Myklebust, som var son til Gina si søster - selde i 1915 ei stor tomt for ein symbolsk sum av kr 400. I kyrkjene som vart bygd på tomta, har mange opplevd at ord frå Bibelen og song og musikk, har tolka kjensler og lindra sorg og gitt påfyll av krefter. Og i Herøy Kyrkje har folk også opplevd korleis delt glede, kan gi fleirdobbel glede.

Minnestein over 152

På Herøy står ein minnestein med namna på 152 herøyværingar, m.a. Frants N. Myklebust, som har omkome på sjøen frå 1880 til 1980. Seinare har diverre endå fleire mista nokon av sine kjære på havet.

«Mødrene har grett»

Med stor age har eg no løfta fram nokre få, subjektivt utplukka, detaljar frå kring 170-års soge. I nasjonalsongen syng vi om «alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett». Neste gong du syng Bjørnson sin song, kan du kanskje ofre ein tanke på Gina K. Myklebust og Nils Frantsen - og andre forfedrar som levde samstundes med dei. Post mortem lyser eg fred og signing over minna!

Hovudkjelder: Opplysningar via digitalarkivet.no. Via Nasjonalbiblioteket: «Nordisk Tidende» 05.07.1895, intervju av Varholm i «Romsdal Folkeblad» 13.09.1938 og minneord om Nils Frantsen i Sunnmørsposten 04.12.1933. «Gardar og Folk». Karl Rogne i «Fiskarsoge» av B. Rabben. Om båtar i 1881; «Fiskarsoge» av P. Moltu.