– Vi er klare til å gjere klar bana så snart vi får ei godkjenning frå kommunen.

Det seier leiar Torbjørn Hide i Nerlandsøy Grendalag til Vestlandsnytt.

Initiativet kom frå nokre foreldre med barn som har nytta den eksisterande motocrossbanen på Kopperstad. Men aktiviteten har vore uorganisert, og banen er nokså gjengrodd.

– Adventura har drive der, men no har dei lagt ned, og då tok grendelaget over anlegget og pliktene ovanfor grunneigarane. Når ein først har eit anlegg, synest vi det er for gale at det ikkje skal vere aktivitet på det, seier Hide.

Grendelaget har allereie danna styret i «Nerlandsøy Motorsportklubb».

– Etter kvart har vi som mål å melde oss inn i Norges Motorsportforbund, som er viktig for å få forsikringane i orden, seier Hide og held fram:

– Vi ønskjer å få til dette i ordna, lovlege rammer, slik at vi får eit skikkeleg tilbod til dei som vil drive med sporten.

Den planlagde banen skal, dersom grendelaget får klarsignal til å drive anlegget, ikkje vere open for fri bruk, men halde ope til faste tider og under oppsyn av ansvarlege vaksne. Banen vil då bli nytta av både tohjulingar og ATV-ar.

Lang erfaring

Ein av dei mange som kryssar fingrane for godkjenning frå kommunen er Eirik August Sætre (23). Han har drive med motorsport sidan 6. klasse og har mellom anna vore med på å arrangere Midtnorsk meisterskap og klubbmeisterskap i motorsport. Han har også teke aktivitetsleiarkurs og har instruert i «knøttecross» for dei aller yngste.

– Eg har instruert barn ned i 4-årsalderen på desse små ATV-ane, men det er normalt å byrje med tohjuling i 5-6-årsalderen, seier han.

– Alternativt fritidstilbod

– Det er utruleg mange som er opptekne av motorsport. Det er eit godt tilbod til dei som ikkje er interessert i annan idrett, seier han.

I søknaden til Herøy kommune heiter det mellom anna: «Vi er av den oppfatning at det er om å gjere å gjere det ein kan for å drage dei unge ut av sofaen og få dei i sving med ein eller annan aktivitet. Vi ser også på dette som eit tiltak for kanskje å halde dei frå å debutere med rusbruk litt lenger enn dei elles ville gjort, då rusbruk ikkje er akseptert i motorsportmiljøet».

– Det vert kanskje å ta i å seie at motorsport verkar førebyggande mot rus, men i Sykkylven, der eg kjem frå, er det blitt brukt på den måten, seier Sætre, som kom til Kvalsund i 2013.

Difor elskar han sporten

Dei som trur at motorsport «berre er å sitje på ein sykkel», har ikkje forstått kva det dreier seg om, ifølgje Sætre

– Motorsport kan samanliknast med alpint, for du bruker absolutt alle musklane i heile kroppen. Det er mykje fysisk trening, men også koordinasjon. Du må halde fokus heile vegen, elles fell du av, fortel han.

Ein gong deltok han i klubbmeisterskap med fleire brekte ribbein.

– Det seier litt om stå på vilja når ein skal vise seg fram.

Men det er ikkje berre spenninga som har fått han hekta.

– Det eg likar best med sporten er samhaldet. Det spelar inga rolle kor god du er, for alle har uansett eit felles mål om å bli betre. Dei store hjelper dei små, og som regel stiller alle opp.