Som Vestlandsnytt melde for nokre veker sidan, har grunneigar Knut Rusten, representert ved Egil Sandsbakk, retta ei rekkje kritiske merknader til kommunen si saksbehandling rundt fleire saker knytt til feriesenteret på Skare.

Det var Bjørn Flatøy (Sande vest) som etterlyste informasjon om saka i formannskapet.

– Bakgrunnen er mellom anna at det har vore varsla ein ny reguleringsplan på Skare, etter at den førre er utdatert. Mellom anna var kartgrunnlaget ikkje det beste, sa Vikene.

Han kunne fortelje at Fylkesmannen no har kome med kritiske merknader til ei dispensasjonssak der ein forpaktar fekk mellombels dispensasjon for å bu på loftet i eit naust.

– Vi ventar også på ei tilbakemelding frå fylkeskommunen. Når denne kjem, vil vi ta ei heilt ny synfaring for å sjå dei reelle forholda. Tvisten handlar også om tvil rundt ei sjøgrense. Vi har brukt masse tid på å svare på spørsmål i denne saka, og håpar å få ei avklaring om ikkje så lang tid, sa Vikene mellom anna.