Frå og med neste veke (21. mai) vil ein større del av politikken i Herøy skje gjennom digitale plattformer.

– Det er no på gang eit nytt saks- og organisasjonssystem. Der fylgjer det med ein politikarportal. Her vil det vere enkelt å sjå på gamle protokollar og kva vedtak som har vorte gjort tidlegare. Med det nye systemet er det også mogleg å sende inn forslag til vedtak digitalt. Dermed slepp ein å skrive ned forslag på lappar, for å så sende dei til møtesekretær, fortalde Frode Hammerseth, avdelingsleiar dokumentsenter og politisk sekretariat då kommunestyret var samla førre veke.

Dei folkevalde var sjølvsagt litt spørjande til det nye systemet, og var kanskje spesielt opptekne av om det ville bli gitt noko opplæring.

– Om det er behov for det, kan vi gi opplæring. Men systemet er ganske enkelt, svara Hammerseth.

Han hadde også ein kort demonstrasjon av det nye systemet, der ein mellom anna kan søke på saksnummer når ein leitar etter ei bestemt sak.

Det er derimot høgst usikkert om det blir mogleg å leite opp gamle saker i det nye systemet.