Resultata av ungdomssteget i Sande si Ungdata-undersøking er no klare. Tysdag presenterte konsulent Elin Almestad frå oppvekst- og kulturavdelinga tala.

Ved dei førre undersøkingane i 2013 og 2016 kom Sande svært godt ut i undersøkinga. Då var det høg trivsel mellom dei aller fleste.

Mistrivsel og einsemd

Denne gongen er det avdekt ein litt urovekkjande trend. Fleire ungdomar trivst dårlegare, fleire opplever einsemd, nokre er jamvel deprimerte og fortel at dei har få vener.

Det er også ein auke i talet på dei som blir mobba eller truga med vald. Det siste har truleg samanheng med at tida framfor ein skjerm, anten med speling eller på sosiale medium, har auka dramatisk. Tendensen er at gutane spelar, medan jentene er på ulike sosiale medium.

Eitt område der Sande skil seg ut positivt, er på tobakks- og rusbruk. Veldig få brukar slikt. Sande-ungdomen er også meir nøgde med foreldra enn landsgjennomsnittet for åra 2016–2018.

Men:

Ungdomsskuleelevane i Sande er ikkje nøgde med kulturtilbodet, kollektivtilbodet, dei er mindre nøgde med lokalmiljøet enn før, og fleire enn før signaliserer at dei ikkje ynskjer å bu i heimkommunen når dei vert vaksne.

Mange er mykje på nett

Heile 14 prosent av ungdomen seier dei gruar seg ofte til å gå på skulen. Fleire enn før vert også utslitne av skulearbeidet. Nokre svarar også at dei skulkar fleire gongar i løpet av eit skuleår. Ein annan trend, også på landsbasis, er at ungdom vitjar kvarandre mindre enn før. Dei er rett og slett meir heime, og ikkje saman med andre jamaldringar.

– Ungdomane våre sit mykje på nett, konstaterte Elin Almestad då formannskapet fekk ei orientering om rapporten.

Ho slo fast at mobbing, utestenging og trakassering på nett kan vere veldig vanskeleg å oppdage for foreldra.

Ein annan trend er at ungdomane i Sande i dag er mindre nøgde med helsa si enn før, og fleire brukar no reseptfrie medikament. Heile 26 prosent er tidvis eller ofte plaga med einsemd. Det er også avdekt at fleire ungdomar no slit med depressive symptom, med dei fylgjer det kan få, enn for få år tilbake.

Elin Almestad opplyste til formannskapet at resultatet av undersøkinga er av ein slik karakter at kommunen no jobbe vidare med dei kanskje litt overraskande negative funne.

Varaordførar Anne Marte Beitveit (Sande vest) meinte det no er viktig at foreldra får resultatet av undersøkinga.

Hoppa i stolen

– Eg hoppa i stolen over enkelte av opplysingane, supplerte hennar partifelle Bjørn Flatøy. Nokon må ta tak i problema, sa han.

Ruth Anita Hatlebrekke Rekdal (H), som sjølv er lærar, slo fast at livsmeistring no ligg inne i skulen sin nye læreplan.

– Men her trengst det hjelp frå fleire, la ho til.

Beitveit la til at trugslar og trakassering på nett er eit verre problem enn mange nok trur.

Frå Sp kommenterte Kari Grønnevik at det er svært viktig at foreldra vert bevisste på utfordringane.

– Mange er mykje på nett, og fleire signaliserer at dei har det veldig vondt, sa ho.

Arnljot Muren (Ap) meinte det er viktig at også politikarane tek tak, at ein kan få ein større grad av positivisme i Sande.

– Dette med vener er viktig, og her kan vi politikarane prøve å leggje til rette, sa Bjørn Flatøy.

Helsetenestene

Hatlebrekke Rekdal la til at det er viktig å få eit velfungerande tilbod med helsesjukepleiar så vel som psykologteneste.

Jon Garen (Ap) sa han har sett ein del kommentatorfelt der vaksne er «dårlege læremeistrar» for ungdomen når det kjem til mobbing og sårande ord om andre.

Ordførar Dag Vaagen (H) meiner ein må ta den urovekkjande trenden på alvor. 2019-tala for resten av landet er framleis ikkje klare, og han er spent på korleis desse slår ut.

– Vi må bruke denne informasjonen på skulane og andre stadar der vi møter ungdomen. Det er alvorlege signal, men midt i det heile skal vi heller ikkje gløyme alt det positive, sa Vaagen mellom anna.

– Ja, spørsmålet er kva vi skal gjere for den fjerdedelen av ungdomen som ikkje har det så bra, sa Arnljot Muren. Han utfordra Elin Almestad til å seie noko om kva kommunen bør gjere.

Tydeleg Almestad

Ho hadde klare synspunkt:

– Vi må bruke ungdomsrådet meir, vi må la all saksbehandling rettast også mot born og unge. Vi må snakke opp kommunen vår, få positiv fokus. Det trengst også meir pengar til dei unge. I år er løyvingane til slikt arbeid skorne ned til null. Vi i kommunen må gripe fatt i dei som slit mest.

Almestad la til at det også er ei utfordring å få barne- og ungdomspsykiatrien til å ta tak også i dei som har lette til moderate plager, samt at helsetenesta inn mot skulane må styrkast betrakteleg.

– Vi må gjere nokre grep her i kommunen la Almestad alvorstyngd til.

Det same var rådmann Trond Arne Aglen inne på:

– Dette er ei oppgåve som er større enn kva skulen og kommunen kan greie. Vi treng eit samfunnslyft. Vi ser dessverre at nokre tiltak i Sande har stoppa opp, og det er synd. Vi må leggje til rette for arenaer der det skjer på ungdomen sine premissar. Målet må vere at vi lyttar til ungdomen og får til noko positivt ut frå dei signala som ligg føre, sa rådmannen.

Aglen: – Vil handle

Vi tok ein prat med rådmann Trond Arne Aglen etter presentasjonen i formannskapet. Han er tindrande klar på at kommunen kjem til å ta nokre grep:

– Saka skal også opp i kommunestyret, men det er uansett klart at vi vil invitere til ein samfunnsdugnad, på ungdomen sine premissar og på deira arenaer. Her vil vi ta med ungdomsrådet og ungdom generelt, samt foreldra og relevante instansar.

– Sjølv om det er ein negativ trend no, skal vi heller ikkje gløyme at det er små tal, og at det store fleirtalet av ungdom trivst godt. Men vi ynskjer å fange opp også dei prosentane som kjem med dei alvorlege signala. Eg har tru på at vi saman kan snu den litt negative utviklinga, seier Aglen.