Presisering om ferjebetaling

I fredagsavisa skreiv vi om det nye systemet der «vanlege» passasjerar for tida ikkje har eigne rabattkort eller -ordningar.

Autopass: Denne brikka blir etter kvart innført på lokale ferjestrekningar. 

Nyhende

Vi vil presisere at Autopass-ferjekorta som mange no brukar, fungerer slik: Ein brukar kan opprette ein avtale som omfattar inntil to kort, og altså gjeld for to bilar.

Samferdselsutvalet si tilråding må dessutan tolkast slik at dei vil innføre Autopass-brikkebetaling. Altså automatisk betaling. Og så skal det kome ei eiga ordning for betaling for passasjerar, truleg gjennom ein eigen stasjon om bord i ferja, eller som ein mobilapp.

I tillegg kan vi også nemne at det med dagens system også kan betalast for passasjerar gjennom Autopass-ferjekorta.