Bygdefolket markerte i fjor at forsamlingshuset Sagatun runda hundre år. No er huset lyst ut for sal.

– Det er med blanda kjensler vi annonserer huset for sal, men slik har det blitt. Årsmøtet har vedteke det, og difor loddar vi no stemninga.

Det seier styreleiar Ivar Tangen i Skredestranda grendalag. Dei har ansvar for forsamlingshuset Sagatun, som vart teke i bruk i 1918. Bygningen vart påbygd på 60-talet.

I denne bygda har det blitt ei stadig meir eldre befolkning, ein trend som berre vart forsterka etter at skulen vart nedlagd for ein del år tilbake.

Eldre befolkning

– Vi er mange som har teke til å drage på åra, og fylgjeleg er det også færre som har høv til å bidra med å halde ved like eit stort forsamlingshus. Ein del av «dei nye» i bygda har heller ikkje denne tradisjonen med fellesskap og dugnad, og det kan ein heller ikkje setje krav om, seier Tangen til Vestlandsnytt.

Sjølve bygget er av den tradisjonelle forsamlingshus-sorten som vart reist før krigen. Det er sal både oppe og nede. Til hovudsalen høyrer også scene og galleri.

– Kva seier bygdefolket om eit eventuelt sal?

– Det er folk som seier det trist om Sagatun går ut dagens bruk, noko eg kan vere samd i. Men det står ein del kostnadskrevjande vedlikehald for tur. Mellom anna gjeld det taket, samt at to av veggane må vølast, seier styreleiaren i grendalaget.

Ivar Tangen kan fortelje at huset var mykje brukt, også fram til utpå 80- og 90-talet.

– Etter at skulen vart lagt ned, og fleire lag og organisasjonar opphøyrde, vart bruken av huset svært redusert. Dei seinare åra har Sagatun vore brukt nesten berre på 17. mai, til jonsok og til den tradisjonelle haustbasaren, seier han.

– Kva er prisen?

– Nei, der har vi ikkje låst oss. Men det eg kan seie, er at kommunen har kome med positive signal for ei omregulering til bustadføremål. Her er det plenty med moglegheiter.

Huset kan i verste fall bli rive

Tangen legg ikkje skjul på at riving er eit alternativ, om ein ikkje får huset avhenda på anna vis.

Uansett vil pengane frå eit eventuelt sal gå til bygda, – og gode tiltak – utan at dette er drøfta i detalj.

– I første omgang prøvar vi å få selt huset. Så får vi berre sjå om det finst interesse, seier styreleiar Ivar Tangen i Skredestranda grendalag.