No vil han ha eit endeleg svar, eller ein klar indikasjon på om Grønhaugen kjem til å bli valt som gravplass eller ikkje. Huseigaren skal selje eigedomen sin og har varsla at han vil halde kommunen ansvarleg for alt han vil få av verditap på eigedomen og krevje tilsvarande kompensasjon frå kommunen.

Dess lenger ut i salsprosessen det går før vi får ei stadfesting på at Grønhaugen ikkje er aktuell plassering, dess større blir konsekvensane for oss, skriv huseigaren.

Eigedomen som skal seljast kjem til å bli næraste nabo til gravplassen med den føreslegne plasseringa i Grønhaugen. Huseigaren er ein av mange som har klaga på alternativet.