Terje kjenner stort sett alle, og han gjorde det enkelt og inviterte til ope hus på Landsbyhuset Breidablik. Bygdefolket ville sjølvsagt vere med å feire, og over 100 personar møtte opp for å gjere stas på Terje.

Terje sin onkel Bård Dalen opna festkvelden med å ynskje velkomen saman med jubilanten. Vidare presenterte dei menyen for kvelden, der festlyden fekk servert pølse med brød og lomper, og eit stort kakebord.

Etter gjestane hadde fått seg eit kakestykkje, gjekk programmet vidare. Fyrst ut var ei helsing frå Aadne Sandanger. Han presenterte vidare ei videohelsing frå Oskar Fjørtoft Sandanger, gjengen i Sommarshowet, Wilhelm støylen, Jan Åge Fjørtoft og andre kjende fjes.

Gjennom mange år har Terje vore aktiv i hornmusikklaget Varden. Korpset ville gjerne vere med å feire Terje, og gjekk på scena og spelte ei fin avdeling med marsjar. Harald Sætre overrekte gåver frå korpset, mellom anna ein caps med logo frå ein symbalprodusent. Det var ikkje vanskeleg å sjå at Terje sette stor pris på den musikalske gåva.

Alle som kjenner Terje veit at brannvernet er noko han set mest pris på. Då brannbilen kom køyrande opp mot Breidablik med fulle blålys og sirener, stod Terje så stolt som han aldri før har vore og tok i mot. Han inviterte sjølvsagt heile brannmannskapet inn på kaker!

Brannvernet hadde gjort klar nokre gåver og overraskingar til Terje. Kjell Hauge leitte fram brannsløkkingsapparat, brannvarslarar, og det sværaste; Sande brannvern sin nye refleksvest. Atle Sørensen kom med jakke og t-skjorte frå Larsnes mek. Terje var storleg fornøgd, og var klar til å legge gåvene på gåvebordet. Men då kom tidlegare brannmeister Knut Nystøyl med endå ei overrasking. Knut overrekte brannhjelm og jakke, og også nokre bilete frå tida i brannvernet. Det kan vanskeleg tenkjast at nokon har sett Terje meir stolt og fornøgd enn då Knut sette hjelmen på hovudet hans.

Alt i alt ei flott feiring, og jubilanten var svært nøgd med selskapet.