Dei tilsette lovar kaffi, kaker raud løpar og tilbodssal når Europris 15. mai opnar sin butikk i Fosnavåg. Mannen som har fått æra med å opne butikken er Stig Arne Helsem Sævik, leiar av komité for næring, kultur og idrett i Herøy kommune. Utover dette blir det ein festdag, lovar Europris i ei pressemelding. Det skal mellom anna barna i Gnist barnehage sørge for. Dei skal synge to songar, og verkeleg sete stemninga før 17. mai.

Stor butikk

– Butikken har ei salsflate på 1055 kvadratmeter, og vi gler oss til å ta fatt. Butikken er romsleg og oversiktleg, og eg har stor tru på at kundane vil trivast, seier butikksjef Tonje Hauge. Ho har registrert at det er store forventningar i heile kommunen til den nye butikken.

Tonje Hauge har åtte års erfaring frå Europris i Gausdal, og har i tillegg studert marknadsføring og leiing ved NTNU i Ålesund.

– Eit knallteam

– Her i Fosnavåg har vi sett saman eit knallteam, og vi har store forventningar både til oss sjølve og til kundegruppa som vi trur blir stor. Dei vil møte ein kjempebra butikk, fine, nydelege lokale og eit uteområde planlagt for hagemøblar og andre plasskrevjande varer, lovar Hauge. Ho held fram:

– Vi skal ha det gøy, og dei tilsette er gira på oppgåva.

Butikken har til saman ni tilsette.

Satsar på godis

Europris er ei forretning som sel alt frå daglegvarer til jernvarer, måling, dyrefôr- utstyr, gåveartiklar, pyntegjenstandar, kjøkenutstyr, tekstilar, garn, leiker og mykje anna.

– Og vi skal vere best på smågodt. Her er jo dessutan alt det nyaste av innreiing og utstyr, og alle som har fått ein snik-kik, gler seg til opninga onsdag, skriv Hauge i pressemeldinga.

Butikk nummer 262

Dette blir butikk nummer 262 for den store Europris-kjeda. Kjeda omsette i 2018 for 6,2 milliardar kroner, har over 2650 tilsette og gjekk på børs i juni 2015. Både sentrallager og hovudkontor ligg i Fredrikstad. Kjeda hadde i 2018 ein total vekst på 5,3 %.