– Brua vil heller gjere området meir tilgjengeleg, meiner kommunen.

I brevet til kommunen har Håkonsholm påpeika fleire forhold rundt plasseringa av brua og har mellom anna hevda at brua vil kome inn på Fosnavåg Rør sin eigedom og hindre dagleg drift.

Også dette avviser kommunen og viser til at brua vil få ein avstand på 4–5 meter til Fosnavåg Rør sin eigedom. Sjølv om kartet skulle vise 3 meter feil, slik Håkonsholm hevdar, vil brua framleis gå klar naboeigedomen.

Kommunen oppmodar Håkonsholm om å rekvirere ei avklarande oppmålingsforretning om han meiner grensa i kommunen sitt kart er feil.

Einaste mulege plassering

Håkonsholm har òg klaga på manglande dialog med utbyggjarane, noko Gunnar Gundersen på det sterkaste vil tilbakevise.

I samband med dispensasjonssøknaden hadde vi samtalar og møte med Håkonsholm der både vårt syn og hans kom fram og vart vurderte. Det skriv Gundersen i ein kommentar til Håkonsholm sine merknader til nabovarslinga.

Eit viktig punkt var alternativ plassering av brua, men slik utbyggjarane ser det, er løysinga som Håkonsholm har kasta fram heilt uaktuell å gå på.

– Alternativ plassering vil krevje vesentleg større og meir ruvande konstruksjonar, i tillegg til meir areal på begge sider av kryssinga. Vi har ikkje greidd å finne anna plassering, og ser såleis ikkje det som alternativ, slår Gundersen fast.