Foreldra stilte med stor innsats:

Vårdugnad for Larsnes skule

Foreldrearbeidsutvalet ved Larsnes skule arrangerte denne veka dugnad på Larsnes skule.
Nyhende

Dugnaden gjekk over to dagar, og begge dagar møtte det godt over 20 vaksne og like mange born.

FAU ynskjer å bidra til at uteområdet vert trivelegare for elevane og personalet no når det lir mot 17. mai.

Arbeidet bestod mellom anna i beskjering av beplantning, reparasjon av ulike leikeapparat og elles reingjering rundt skulen.