– Det stemmer. Det finst ikkje eigne kort for passasjerar. Dei må betale kontant eller med visakort.

Det seier maritim rådgjevar Atle Ræstad ved fylkeskommunen si samferdselsavdeling.

Dagens passasjerkort som gir reisande «til fots» 16-17 prosent rabatt, er no i ferd med å bli fasa ut.

Rådville reisande

Vestlandsnytt har fått spørsmål frå fleire om saka. Dei kan fortelje at verken ferjemannskap eller andre har gode svar å gje.

– Det er forståeleg at folk spør om dette, og det er heller ikkje enkelt for mannskapa på ferjene å halde seg orienterte om endringane som har skjedd, seier Ræstad til Vestlandsnytt.

På fylkesvegferjene har dei gamle verdikorta no blitt erstatta av Autopass ferjekort. Desse kostar 3.500 kroner, og eitt kort kan nyttast på ein eller to bilar.

Hent kvittering på nett

Enkelte spør også korleis ein kan få refundert ferjekostnadene, til dømes ved tenestereiser eller køyring av fotballag.

– Då må brukaren gå inn i loggen sin på Autopass, på internett, og skrive ut den bestemte turen. Det nye systemet gir ikkje kvittering for summen som vert belasta om bord i ferjene, seier Atle Ræstad.

FRAM Ung

Eit alternativ for ungdom er å kjøpe ein månads forbruk gjennom appen FRAM Ung (tidlegare kalla ungdomskort).

– Det kostar 426 kroner og gjeld i tretti dagar. Då kan dei reise så mykje dei vil på buss, ferje og snøggbåt, med enkelte unntak som til dømes flybussen, opplyser Ræstad.

Vil kome endringar

Han seier det vert opp til fylkespolitikarane å avgjere korleis betalingssystemet skal utviklast vidare. Kanskje kjem det Autopass-brikkebetaling, som vi ser ved bomvegar. Då vil eventuelt passasjerane reise gratis.

Men: – Det har vore ein del politiske signal her i fylket om at passasjerane framleis skal betale. Då må vi eventuelt finne fram til ei god løysing på dette feltet, eventuelt gjennom FRAM-appen, seier Atle Ræstad avsluttingsvis.

Vil kome endringar

Onsdag i denne tilrådde samferdselsutvalet samrøystes at Autopass-regulativet ikkje skal innførast i Møre og Romsdal. Dette inneber at det ikkje blir eit hopp i takstane for bilar. Samstundes blir det heller ikkje noko av den tidlegare tanken om at passasjerar skal reise gratis. Men ordninga med Autopass-løysing skal nyttast.

– Personbetaling skal inntil vidare skje gjennom ei elektronisk billetteringsløysing, heiter det frå utvalet.

Dei strekar samstundes under at næringsliv, lag og organisasjonar skal skjermast for auka kostnader.