– Når vi fyrst er inne på temaet, kvifor vert ikkje det snakka meir om kremasjon blant dei folkevalde? Eg føler dette har blitt eit tabu å ta opp, men sanninga er at dette er noko vi må snakke om og vurdere nærare.

Det seier herøyværing Helge Rødseth. I motsetning til fleire sambygdingar i kommunen, er ikkje nødvendigvis lokasjonen av ny gravplass i Herøy det som opptek han mest.

– Eg har all respekt for at kremasjon er uaktuelt for mange, og at det er eit sensitivt tema. Men når det er sagt, det er fleire som har eit anna syn på dette med kremasjon, og vi må kunne snakke om det, seier han til Vestlandsnytt.

Reflekterer rundt det sjølv

Rødseth forklarar at han sjølv reflekterer kring tanken om å kremerast, og at det er ein diskusjon han etter kvart ynskjer å føre med sin eigen familie.

– Eg meiner her er fleire fine aspekt ved tanken som fortener ein diskusjon i heimane. Eit døme er korleis dette kan mogleggjere familiegraver. Eg vil tru dette er noko fleire kan tenke seg, å kunne ligge i jorda side om side med sine kjæraste, seier han.

Eit anna faktum er at det i Rødseth sine auge mogleggjer i større grad valfridom i kvar eins siste kvilestad skal vere, då arealetkravet blir mindre.

– Folk her ute bør få dette tilbodet, utan å måtte reise og betale ekstra!

Krematorium på ytre søre?

Slik det er i dag er Ålesund det nærmaste krematoriet. Her var det i fjor 389 personar som vart kremerte, sjølv om kapasiteten er mykje større, om lag 1.100 kremasjonar årleg. Ålesund Krematorium er per dags dato det einaste krematoriet mellom Kristiansund og Bergen. Ålesund kommune tek også ei avgift på 4.480 kroner for utanbyskremering. I praksis kan det bety at folk vel bort kremering fordi det er dyrare, men valet har naturlegvis også med tradisjon å gjere. Tidlegare tal frå 2015 ifrå Miljødirektoratet viser nemleg at Sunnmøre er under landsgjennomsnittet når det kjem til kremasjon. Og her kjem litt av essensen av det Rødseth meiner.

– Kvifor kan vi ikkje ha eit krematorium på ytre søre? Eg vil anta om at kommune kunne ha fått til dette saman, om dei ville. Eg ynskjer å utfordre dei folkevalde til å bryte litt tabuet og sjå korleis kremasjon kan vere ein del av løysinga i gravplassdiskusjonen, seier han, og peiker på at det vert rekna som meir samfunnsøkonomisk, og også billigare i privatøkonomisk perspektiv å anleggje og drifte urnegraver.

Rødseth har utover dette ikkje store meiningar når det kjem til lokasjon av ny gravplass i Herøy.

– Her overlèt eg ordet til dei mest involverte partane, avsluttar han.